Ulogisk stillingsprosent
F503/MAGNET_EDAG-503
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein stillingsprosent som er mindre enn 0 eller større enn 100. Stillingsprosenten er den avtalte arbeidstida, i prosent av talet på timar i full stilling. Alle arbeidsavtaler skal innehalde opplysningar om arbeidstid. Stillingsprosenten er normalt ikkje over 100 % eller mindre enn 0 %.
Les meir om stillingsprosent her.
Feilmeldinga kan skyldas at du har
- tasta feil
- berekna feil stillingsprosent
- oppgitt eit minusteikn framfor stillingsprosenten
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik retter du
- Kontroller om du har ført opp riktig stillingsprosent på arbeidsforholdet.
- Dersom stillingsprosenten er feil, må du endre til rett stillingsprosent
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit rørleggerfirma sender a-melding for februar med opplysningar om arbeidsforholdet til Hilde. Dei fører opp stillingsprosent på 200 %.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-F503 fordi stillingsprosenten er større enn 100 %.
Selskapet ser at de har tasta feil stillingsprosent. Hilde har en stilling på 20 %.
Rørleggerfirmaet endrar på arbeidsforholdet for Hilde til: | |
Stillingsprosent | 20 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.