Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startside til skatteetaten
Startside til skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform (fast og mellombels)
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Kommune- og fylkessamanslåing
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift på lønnsinntekt over 750 000 kroner Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Type arbeidsforhold
  • Del
    • Facebook
    • Twitter
    • LinkedIn
  • Skriv ut

No er det enklare å sende a-meldinga for deg utan lønnssystem

Du kan bruke ei ny og enklare løysing neste gong du skal sende a-meldinga. Den nye løysinga erstattar a-meldingskjemaet (A01) i Altinn. Du finn den nye løysinga her: A10 – Direkte rapportering av a-melding.

Pensjon eller andre ytingar

  • Oppdatert: 27.04.2023

For personar som tek imot pensjon eller andre ytingar og som ikkje er i eit arbeidsforhold eller oppdrag. Gjeld også einskilde utbetalingar til næringsdrivande.

    Kort om pensjon eller andre ytingar

    Dersom du betaler ut pensjon eller ei anna yting/godtgjersle til ein person der ytinga ikkje er knytt til eit arbeidsforhold eller oppdrag, skal dette givast opp som pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold. Dette gjeld òg i dei tilfella der utbetalingar til næringsdrivande skal givast opp i a-meldinga.

    Arbeidsforholdet blir ikkje registrert i Aa-registeret. 

    Merk!
    Dersom du skal føre opp utbetalingar til ein person som er registrert med ein av dei andre arbeidsforholdstypane, skal du ikkje bruke «pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold» i tillegg. Dette gjeld til dømes utbetalingar til ein som er tilsett og som også tek imot pensjon. Utbetalingar til pensjon og andre ytingar kjem då fram av det du rapporterer for kontantytingar.

    Det er viktig at du fører opp rett type arbeidsforhold. Ønskjer du meir informasjon, kan du sjå vel rett type arbeidsforhold.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Du skal berre oppgi informasjon om type arbeidsforhold, aldri andre arbeidsforholdsopplysningar.

    ArbeidsforholdsID Aldri
    Startdato på arbeidsforholdet Aldri
    Sluttdato på arbeidsforholdet Aldri
    Årsak til sluttdato Aldri
    Yrkeskode Aldri
    Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling Aldri
    Stillingsprosent Aldri
    Siste dato for endring av stillingsprosent Aldri
    Avlønningstype Aldri. Utgår i 2019.
    Arbeidstidsordning Aldri
    Siste lønnsendringsdato Aldri
    Tilsetjingsform Aldri
    Lønnsansinitet Aldri
    Lønnstrinn Aldri

     

    Er det obligatorisk 

    Ja, det er obligatorisk dersom du leverer a-melding direkte i Altinn (A01) eller frå eit lønnssystemet der du må gi opplysningar om type arbeidsforhold.

     

    Når skal du rapportere

    • Kor ofte?
      Dersom du fører opp type arbeidsforhold pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold, skal du føre opp dette kvar månad det er utbetalingar.

    • Kor seint?
      Dersom du fører opp type arbeidsforhold pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold, skal dette førast opp seinast innan rapporteringsfristen for månaden utbetalinga er gjort.

    Opplysningar om føderåd skal du levere seinast den 5. januar i året etter kalenderåret.

    Opplysningar om lott eller part ved fiske- eller fangstverksemd skal leverast for desember det året inntekta blei tent, når utbetalinga skjer etter årsskiftet. Desse opplysningane skal leverast seinast 20. februar året etter inntektsåret. Fristen for betaling av arbeidsgivaravgift og skattetrekk er då 15. Mars.

     

    Døme på når du skal velje dette

    Vel pensjon eller andre ytingar for:

    Tilsette på andre tiltak enn lønnstilskot frå NAV
    Til dømes arbeidspraksis i ordinær eller skjerma verksemd. Lønn og anna godtgjersle som verksemda har betalt ut, må rapporterast.
    Arbeidsforhold som verken er ordinært eller maritimt arbeidsforhold eller eit frilansar-/oppdragsforhold
    Fiskar og fangstmann som er teken opp i manntal (fiskarmanntal)
    Føderåd / kår
    Når den som kjøper fast eigedom gjer opp for kjøpesummen på den måten at seljaren får heil eller delvis betaling i form av framtidige årlege ytingar (avgrensa til mottakaren si levetid), som dels kan vere naturalytingar, mellom anna burett, ligg det føre føderåd (kår), og ikkje vanleg underhald.
    Lottakar og reiar i stilling om bord på fiske- eller fangstfartøy

    Oppdrag til utanlandsk oppdragstakar og arbeidstakarar på oppdraget
    Den som gir oppdrag til ein utanlandsk oppdragstakar på land eller kontinentalsokkelen skal rapportere oppdraget og arbeidstakarane som arbeider på oppdraget i Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret. Opplysninga skal ikkje rapporterast i a-meldinga.

    Plikta gjeld for norske og utanlandske næringsdrivande og for det offentlege. Privatpersonar har inga plikt til å gi opplysningar.

    Oppmuntringspengar
    Arbeidstakarar som deltek i arbeidstreningstiltak for yrkeshemma, når lønna er definert som mottak av oppmuntringspengar. Til dømes varig tilrettelagt arbeid.
    Pensjon
    Ytingar til pensjonistar som ikkje har eit arbeidsforhold.
    Utbetalingar frå lønnsgarantifondet
    Konkursbu som betaler ut uteståande lønn til arbeidstakarar i eit føretak som har gått konkurs og har fått dekning frå lønnsgarantifondet.
    Lønn til tilsette som har slutta (feriepengar, etterbetalingar o.a.)

    Kursdeltakarar som får refusjon for tapt arbeidsforteneste
    Gjeld kursdeltakarar som ikkje er tilsette hjå kursansvarleg. Til dømes medlemsorganisasjonar som arrangerer kurs for medlemmene, og der deltakarane har permisjon utan lønn frå arbeidsgivarane. Lønn (tapt arbeidsforteneste) og annan godtgjersle som kursansvarleg har utbetalt, må rapporterast i a-ordninga.

    Personar som berre mottar utgiftsgodtgjerlse
    Personar som ikkje mottar lønn, honorar a.o., men berre utgiftsgodtgjerlse skal du gje opp med arbeidsforholdstype «Pensjonar og andre ytingar», eller la være å gje opp type arbeidsforhold.
    Personar som er på introduksjonsordninga for flyktningar
    Personar som er på introduksjonsordninga for flyktningar skal du gje opp med arbeidsforholdstype «Pensjonar og andre ytingar», eller la være å gje opp type arbeidsforhold.
    Personar som er vitnar i saker i domstolane
    Personar som er vitnar i saker i domstolane skal du gje opp med arbeidsforholdstype «Pensjonar og andre ytingar», eller la være å gje opp type arbeidsforhold.

    Personar som verken er tilsette eller har oppdrag for deg
    Har du utbetalingar til personar som verken er tilsette eller har oppdrag for deg, men som er rapporteringspliktige i a-ordninga, skal du rapportere dette utan å oppgi arbeidsforholdopplysningar. 

    Døme på dette kan vere utbetaling av reisegodtgjersle til ein person som har vore på jobbintervju. 

     

    Endre type arbeidsforhold

    Dersom type arbeidsforhold er endra sidan sist a-melding må du oppgi ny type arbeidsforhold i den neste a-meldinga du skal sende. Korleis du endrar kjem an på type arbeidsforhold du byter frå og type arbeidsforhold du byter til. Du må velje mellom ein av tre alternative måtar å endre på.

    Sjå korleis du byter frå ein type arbeidsforhold til ein annan

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-108 
    Opplysningar om arbeidsforhold manglar
    MAGNET_EDAG-187-4
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-187-6
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-266
    Arbeidsforholdstypen er endra fra den førre rapporteringa
    MAGNET_EDAG-269
    Ugyldig verdi

    MAGNET_EDAG-275
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du ført opp feil type arbeidsforhold og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen på to måtar.

    Sjå korleis du rettar type arbeidsforhold

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til å lage statistikkar om utviklinga i lønningar, sysselsetjing og sjukefråvære.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

    • Statistikkloven § 10

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring