Brakkeleige
Gjeld frådrag for leige av mellombels bustad i brakke.
Kort om frådrag for brakkeleige
Før opp brakkeleige når arbeidstakaren leiger mellombels bustad i brakke. Gjeld både når leiga er trekt i lønna og når arbeidstakaren har betalt leiga direkte til utleigaren.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | - x kroner |
Frådragsnemning | sjå nedanfor |
Beløp
Før opp bruttobeløpet som er trekt.
Du skal føre opp eit negativt beløp.
Du kan berre føre opp eit positivt beløp dersom du skal rette opp i ei tidlegare a-melding.
Frådragsnemning
Oppgi ei av desse nemningane:
- Brakkeleige
- Brakkeleige – Svalbard
Du skal nytte nemninga «Brakkeleige – Svalbard» dersom arbeidstakaren kjem inn under lønnstrekkordninga på Svalbard.
Kva med forskotstrekket
Frådraget skal ikkje trekkjast frå grunnlaget for forskotstrekk.
Kva med arbeidsgivaravgifta
Frådraget skal ikkje trekkjast frå grunnlaget for arbeidsgivaravgifta.
Når skal du rapportere
Før opp frådraget den kalendermånaden du har trekt beløpet, eller månaden arbeidstakaren har betalt leiga.
Rette feil
MAGNET_EDAG-265 |
Du rettar opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Tasta feil beløp
Dersom du har trekt rett beløp, men tasta feil i a-meldinga, må du rette opp for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Har du rapportert eit for høgt beløp, fører du opp differansen med positivt forteikn og inkluderer nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
- Har du rapportert eit for lågt beløp, fører du opp differansen med negativt forteikn og inkluderer nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Gitt feil nemning
Dersom du har ført opp rett beløp, men med feil frådragsnemning, må du rette i a-meldinga for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Før opp beløpet med positivt forteikn og inkluder nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
- Før deretter opp beløpet på nytt med negativt forteikn og rett nemning.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva brukar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningane til å gi rett frådrag. Beløpet blir overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.