Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorarar
Arbeidsforhold for personar som tek imot lønn eller anna godtgjersle for utført arbeid eller oppdrag, men som ikkje er tilsette.
Kort om frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar
Dersom ein person utfører arbeid eller oppdrag for lønn eller anna godtgjersle utan tenesteforhold/tilsetjingsforhold (ikkje tilsett), utan å vere sjølvstendig næringsdrivande, skal ein føre dette opp som frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.
Med frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar har du ikkje styringsrett, det vil seie at arbeidsoppgåvene ikkje kan endrast utan at kontrakten blir reforhandla.
Arbeidsforholdet blir frå 2021 registrert i Aa-registeret.
Det er viktig at du fører opp rett type arbeidsforhold. Ønskjer du meir informasjon, kan du sjå vel rett type arbeidsforhold.
Kva for opplysningar skal du oppgi
ArbeidsforholdsID | Alltid |
Startdato på arbeidsforholdet | Alltid |
Sluttdato på arbeidsforholdet | Alltid i den månaden arbeidstakaren sluttar |
Årsak til sluttdato | Frivillig |
Yrkeskode | Alltid |
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling | Frivillig |
Stillingsprosent | Frivillig |
Siste dato for endring av stillingsprosent | Frivillig |
Avlønningstype | Frivillig i 2018. Utgår i 2019. |
Arbeidstidsordning | Frivillig |
Siste lønnsendringsdato | Frivillig |
Tilsetjingsform | Frivillig |
Lønnsansiennitet | Frivillig |
Lønnstrinn | Frivillig |
Døme
Kari får eit oppdrag hos eit arkitektbyrå. Oppdraget begynner 25. januar og ho får den første lønna utbetalt i februar. Ho skal jobbe i ein 10% stilling i heile perioden fram til oppdraget slutter 15. juni.
A-melding for februar | |
Inntektsmottakar | Kari |
Type arbeidsforhold | frilanser, oppdragstakar og personar som tek imot honorar |
Startdato på arbeidsforholdet | 25. januar |
Stillingsprosent | 10 % |
Yrkeskode | 2141 115 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Arkitektbyrået fører opp stillingsprosent i a-meldinga, sjølv om det ikkje er obligatorisk.
Kari har avtalt at ho i tillegg til utbetalinga i februar, skal få utbetalt lønn i april og juni.
I a-meldinga for april og juni gir arkitektbyået opplysningar om Kari sitt arbeidsforhold i tillegg til lønn og andre ytingar. Dei fører òg alle andre obligatoriske opplysningar for månaden.
Er det obligatorisk
Ja, du må føre opp type arbeidsforhold, og i tillegg gi opplysningar om arbeidsforholdet kvar gong du gjer utbetalingar til ein person som utfører arbeid eller oppdrag for lønn eller anna godtgjersle utan tenesteforhold/tilsetjingsforhold.
Når skal du rapportere
- Kor ofte?
Før opp arbeidsforholdet kvar månad du gjer utbetalingar. Du kan rapportere arbeidsforholdet og i månader du ikkje gjer utbetalingar, til og med den månaden du før opp sluttdato på arbeidsforholdet. Du må føre opp sluttdatoen når oppdraget er utført, sjølv om du ikkje gjer utbetalingar i den månaden. - Kor tidleg?
Du kan føre opp arbeidsforholdet med ein gong du veit startdatoen, og helst før startdatoen inntreff. - Kor seint?
Før opp arbeidsforholdet seinast innan rapporteringsfristen for månaden utbetalinga er gjort.
Døme på når du skal velje dette
Vel frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar for:
Frilansarar Yrkesgrupper som musikarar, tekstforfattarar, skodespelarar, journalistar og omsetjarar er ofte å rekne som frilansarar/oppdragstakarar. |
Folkevalde Politikarar i kommunar, fylkeskommunar og på Stortinget som får godtgjersle for politisk arbeid |
Fosterforeldre, og personar med omsorgslønn Lønn og anna godtgjersle for å hjelpe personar med særskilde behov eller personar med omsorgsbehov. |
Personar som har tillitsverv Unnatak: Tillitsvalde og medlemmer av frivillige og velgjerande organisasjonar som berre er kursdeltakarar, men som får refusjon for tapt arbeidsforteneste. Desse skal rapporterast med arbeidsforholdstype pensjonar eller andre ytingar. |
Styremedlemmer Personar som berre sit i styret i selskapet og ikkje er tilsette. Unnatak: Dei tilsette sin representant i styre. Her er den tilsette i eit ordinært eller maritimt arbeidsforhold og det skal rapporterast styrehonorar på det ordinære eller maritime arbeidsforholdet. |
Endre type arbeidsforhold
Dersom type arbeidsforhold er endra sidan sist a-melding må du oppgi ny type arbeidsforhold i den neste a-meldinga du skal sende. Korleis du endrar kjem an på type arbeidsforhold du byter frå og type arbeidsforhold du byter til. Du må velje mellom ein av tre alternative måtar å endre på.
Sjå korleis du byter frå ein type arbeidsforhold til ein annan
Rette feil
MAGNET_EDAG-108 Opplysningar om arbeidsforhold manglar |
MAGNET_EDAG-187-6 Opplysningar om arbeidsforholdet er feil |
MAGNET_EDAG-187-8 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-266 Arbeidsforholdstypen er endra frå den førre rapporteringa |
MAGNET_EDAG-269 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-274 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-281 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-288 Ugyldig identifikator for verksemda |
MAGNET_EDAG-289 Ugyldig identifikator for verksemda |
Har du ført opp feil type arbeidsforhold og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen på to måtar.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Skal du slette eit feilrapportert arbeidsforhold
Dette kan du gjere på to måtar.
- Send inn ei ny a-melding der du set startdatoen og sluttdatoen for arbeidsforholdet til same dato og stillingsprosenten til 0 prosent. I tillegg oppgir du at årsak til sluttdato er arbeidsforholdet skulle aldri ha vore rapportert.
Aa-registeret kan då skilje feilrapporterte arbeidsforhold frå eindags arbeidsforhold. - Send inn ei erstatningsmelding der det feilrapporterte arbeidsforholdet ikkje er med. Du må då erstatte alle rapporteringsperiodar der arbeidsforholdet har blitt feilaktig oppgitt.
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV hentar opplysningar om arbeidsforholdet når dei har ei sak. Gjeld til dømes ved eit krav om sjukepengar. For somme ytingar frå NAV har type arbeidsforhold noko å seie for rettane. Det vil seie om den tilsette er eller har vore i eit ordinært eller maritimt arbeidsforhold, eller om han eller ho er frilansar, oppdragstakar, honorarperson m.m.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til å lage statistikkar utviklinga i lønningar, sysselsetjing og sjukefråvære.