Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten
Ugyldig identifikator for verksemda (289)
F289 / MAGNET_EDAG_F289
I løpet av første halvdel av 2020 kjem denne feilen til å få alvorsgraden avvising. Då må du rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga. Det er derfor viktig at du rettar allereie no, så ikkje a-meldingar for seinare periodar blir avviste.
Kvifor denne feilmeldinga
Du har brukt organisasjonsnummeret til hovudeininga, både for opplysningspliktig og verksemd/undereining. Når du rapporterer arbeidsforhold av typen ordinært, maritimt eller frilansar, kan du frå 2020 ikkje bruke organisasjonsnummeret for hovudeininga som verksemd/undereining.
I Brønnøysundregistera/Einingsregisteret er føretaket ditt registrert med hovudeining (det er det same som opplysningspliktig i a-meldinga) og minst éi verksemd/undereining. Dersom du rapporterer arbeidsforhold av typen ordinært, maritimt eller frilansar, skal du alltid knyte arbeidsforholda til nummeret på ei verksemd/undereining.
Retting
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgradar for feil
Slik rettar du
- På nettsidene til Brønnøysundregistera kan du finne kva for organisasjonsnummer du skal bruke for undereiningane/verksemdene dine. Søk på namnet eller det juridiske organisasjonsnummeret til hovudeininga di. Nedst på den neste sida finn du opplysningar om tilknytte undereiningar/verksemder under overskrifta "Tilknytte einingar".
- Når du har funne organisasjonsnummer for verksemd/undereining, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i systemet.
Her finn du meir informasjon om bruk av rett organisasjonsnummer i a-meldinga.