Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar)
Korleis du identifiserer tilsette og andre du betaler lønn og ytingar til.
Kort om identifisering av inntektsmottakar
I a-meldinga skal du identifisere tilsette og andre du betaler lønn og ytingar til, for å kunne knyte opplysningar om inntekt, frådrag, trekk og arbeidsforhold til rett person. I a-meldinga omtalar vi ein person som tek imot lønn, pensjon eller andre ytingar frå verksemda for inntektsmottakar.
Bruk fødselsnummer eller D-nummer for å oppgi kva for ein inntektsmottakar du gir opplysningar om.
Du finn meir informasjon om D-nummer på sidane om skattekort.
Har ikkje norsk fødselsnummer eller D-nummer
Dersom inntektsmottakaren ikkje har norsk fødselsnummer og ikkje har fått tildelt D-nummer enda, kan du, medan du ventar på D-nummer, bruke:
- internasjonal ID
- namn
- fødselsdato
- tilsettnummer (frivillig)
Den internasjonale ID-en må vere utferda av det landet personen kjem frå og innehalde
- ID-nummer
- type ID, sjå lista nedanfor
- landkode
Du kan bruke ein av fire typar ID:
- Passnummer (eller eit anna godkjent internasjonal ID-nummer)
- Social security number
- Tax identification number
- Value added tax identification number
Døme på identifisering med internasjonal ID
Piotr jobbar i kommunen og har teke imot lønn. Han har polsk passnummer og har ikkje fått norsk D-nummer enda.
Inntektsmottakar | Piotr |
ID-nummer | PL12345678 |
Type ID | Passnummer |
Fødselsdato | 1. januar 1972 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Merk!
Dersom du sender fleire a-meldingar før ein inntektsmottakar får tildelt D-nummer, må du bruke den same internasjonale ID-en, namn, fødselsdato og eventuelt nummer på tilsett i alle a-meldingane.
Brukar du ulik internasjonal ID, namn, fødselsdato eller tilsettnummer, tolkar vi det som ulike personar. Då greier vi ikkje å kople opplysningane til eit framtidig D-nummer.
Ikkje alle får D-nummer eller fødselsnummer
Alle har ikkje rett til å få tildelt D-nummer, eller plikt til å skaffe seg D-nummer. Då må du føre opp internasjonal ID, namn, fødselsdato og ev. tilsettnummer. Gjeld til dømes utanlandske gjesteførelesarar på universitet.
Endre frå internasjonal ID til D-nummer
Når inntektsmottakaren får tildelt eit D-nummer, må du knyte D-nummeret saman med internasjonal ID, namn, fødselsdato og ev. tilsettnummer som du har brukt i tidlegare a-meldingar.
Det gjer du ved å oppgi D-nummer og internasjonal ID, namn, fødselsdato og ev. tilsettnummer i den same a-meldinga.
Døme på endring frå internasjonal ID til D-nummer
Ei servicebedrift har sendt inn opplysningar om Ewa i a-meldinga for januar og februar. Dei har oppgitt polsk passnummer, namn, fødselsdato og tilsettnummer.
I mars får Ewa tildelt D-nummer. Servicebedrifta byrjar å bruke D-nummeret i a-meldinga for mars.
A-melding for mars | |
Inntektsmottakar | Ewa |
Norsk ID | D-nummer |
Internasjonalt ID-nummer | PL12345678 |
Type ID | Passnummer |
Fødselsdato | 1. januar 1972 |
Tilsettnummer | 10 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Merk!
Du kan knyte D-nummeret saman med internasjonal ID, namn, fødselsdato og ev. tilsettnummer i a-meldinga for kva for ein månad som helst.
Etter at koplinga er gjort i ei a-melding er det nok å oppgi D-nummer i framtidige a-meldingar.
Endre frå D-nummer til fødselsnummer
Når ein inntektsmottakar som har D-nummer får tildelt fødselsnummer, skal du byrje å bruke fødselsnummeret i a-meldinga.
Systema våre knyter saman D-nummeret og fødselsnummeret, og koplar saman opplysningane som har kome i a-meldingane med D-nummer og a-meldingane med fødselsnummer.
Døme på endring frå D-nummer til fødselsnummer
Eit oljeselskap har sendt opplysningar om William i a-meldingar for mars til og med oktober. Dei har brukt D-nummeret til William i a-meldingane.
I november får William tildelt fødselsnummer. Oljeselskapet byrjar å bruke fødselsnummeret i a-meldinga for november.
A-melding for mars til og med oktober | |
Inntektsmottakar | William |
Norsk ID | D-nummer |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for november | |
Inntektsmottakar | William |
Norsk ID | fødselsnummer |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Ved skifte av kjønn
Dersom inntektsmottakaren skiftar kjønn og får nytt fødselsnummer, blir det nye og gamle fødselsnummeret kopla automatisk. Du skal bruke det nye fødselsnummeret når du skal sende neste a-melding.
Rette feil
Dersom du har ført opp feil når du identifiserer inntektsmottakaren, og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), må du annullere det som er sendt feil og sende inn dei rette opplysningane.
Feil i fødselsnummer eller D-nummer
Har du ført opp eit gyldig nummer, men på feil person kan du rette på to måtar:
- Send ei erstatningsmelding med rett fødselsnummer eller D-nummer, eller
- «Null ut» alle inntekter, frådrag og trekk og slett arbeidsforholdet for personen du ikkje skulle gitt opplysningar på. Då må du i tillegg sende alle opplysningar på fødselsnummer eller D-nummer til rett person.
Feil i internasjonal ID
Har du oppgitt feil internasjonal ID kan du rette på to måtar:
- Send ei erstatningsmelding med rett internasjonal ID, eller
- «Null ut» alle inntekter, frådrag og trekk og slett arbeidsforholdet for identifikatoren du ikkje skulle rapportert opplysningar på. I tillegg må du sende alle opplysningar knytt til rett internasjonal identifikator.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva brukar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningar om fødselsnummer og D-nummer for å kople opplysningar om inntekter, trekk og frådrag til rett person. Opplysningar frå a-meldinga blir nytta i skattemeldinga.
NAV brukar opplysningar om fødselsnummer og D-nummer for å kople opplysningar om inntekter og arbeidsforhold til rett person når dei skal rekne ut ytingar.