Oppgitt informasjon må stemme overeins med folkeregisteret. Gjentekne rapporteringar på same person i ei verksemd må skje på ein slik måte at ein kan identifisere personen på tvers av meldingane
F175D / MAGNET_EDAG-175D
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt fleire ulike identifikatorar på ein inntektsmottakar i fleire a-meldingar, i den same perioden.
Dette kan til dømes kome av at du har:
- oppgitt feil identifikator
- tasta feil
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn ut kva for ei av a-meldingane du har sendt inn som inneheld feil identifikator på inntektsmottakaren.
- Legg inn rett identifikator (fødselsnummer eller D-nummer).
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit forsikringsselskap har sendt inn tre a-meldingar for den same perioden med opplysningar om Hans. Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-175D fordi den same internasjonale identifikatoren er knytt saman med to ulike D-nummer.
A-melding nummer 1
Hans er identifisert med ein internasjonal identifikator, tysk pass nummer 123445. Dette er rett.
A-melding nummer 2
Forsikringsselskapet knyter D-nummeret saman med den internasjonale identifikatoren for Hans. Dette er rett.
A-melding nummer 3
Forsikringsselskapet knyter den internasjonale identifikatoren for Hans saman med eit D-nummer som høyrer til ein annan inntektsmottakar. Dette er feil.
Slik rettar dei feilen
Forsikringsselskapet endrar og oppgir den internasjonale identifikatoren saman med rett D-nummer for Hans.