Maritimt arbeidsforhold
Arbeidsforhold for tilsette som tek imot lønn eller anna godtgjersle for arbeid utført til sjøs, anten på eit fartøy eller ei flyttbar innretning.
Kort om maritimt arbeidsforhold
Dersom du har tilsette som arbeider i di teneste for lønn eller anna godtgjersle og arbeidet er av maritim karakter, fører du dette opp som eit maritimt arbeidsforhold. Med maritim karakter meiner ein at arbeidet blir utført til sjøs, på̊ fartøy eller ei flyttbar innretning.
For maritime arbeidsforhold må den du sender a-melding for, vere registrert i Einingsregisteret før du sender a-melding. Du skal rapportere etter den same strukturen som i Einingsregisteret. Sjå organisasjonsnummer for hovedeininga og undereiningar.
Det er viktig at du rapporterer rett type arbeidsforhold. Ønskjer du meir informasjon, kan du sjå vel rett type arbeidsforhold.
Kva for opplysningar skal du oppgi
ArbeidsforholdsID | Alltid |
Startdato på arbeidsforholdet | Alltid |
Sluttdato på arbeidsforholdet | Alltid i den månaden den tilsette sluttar |
Årsak til sluttdato | Alltid |
Yrkeskode | Alltid |
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling | Alltid |
Stillingsprosent | Alltid |
Siste dato for endring av stillingsprosent | Alltid |
Avlønningstype | Frivillig i 2018. Utgår i 2019. |
Arbeidstidsordning | Alltid |
Siste lønnsendringsdato | Alltid |
Tilsetjingsform | Alltid |
Lønnsansiennitet | Alltid for tilsette i verksemder som følgjer hovedtariffavtalen for staten, kommunen (også Oslo kommune) samt dei fleste føretak i finansnæringa. |
Lønnstrinn | Alltid for tilsette i verksemder som følgjer hovedtariffavtalen for staten, kommunen (også Oslo kommune) samt dei fleste føretak i finansnæringa. |
Fartøysopplysninger (sjå nedanfor) |
Alltid |
Permisjon
Skal fyllast ut når den tilsette er i permisjon.
Permisjonsnemming | Alltid |
PermisjonsID | Alltid |
Startdato på permisjon | Alltid |
Sluttdato på permisjon | Alltid i den månaden den tilsette avsluttar permisjonen |
Permisjonsprosent | Alltid |
Permitteringar
Skal fyllast ut når den tilsette er permittert.
Permitteringsnemning | Alltid |
PermitteringsID | Alltid |
Startdato på permittering | Alltid |
Sluttdato på permittering | Alltid i den månaden den tilsette avsluttar permitteringa |
Permitteringsprosent | Alltid |
For maritime arbeidsforhold skal du òg føre opp fartøysopplysningar:
- Skipsregister
Oppgi kva for eit skipsregister fartøyet eller innretninga der arbeidet blir utført er registrert i. Skip kan vere registrerte i:- Norsk Ordinært Skipsregister (NOR)
- Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS)
- Utanlands skipsregister (UTL)
- Skipstype
Oppgi kva for ein skipstype fartøyet eller den flyttbare innretninga er:- Eit turistskip (turist)
- Ei boreplattform (boreplattform)
- Annan type fartøy (anna)
- Fartsområde
Oppgi informasjon om fartøyet er sertifisert for:- Innanriksfart (innanriks)
- Utanriksfart (utanriks)
Døme
Emma byrjar å jobbe som skipselektrikar på båt hjå eit cruiseselskap den 25. januar. Ho får den første lønna utbetalt i februar.
A-melding for januar | |
Inntektsmottaker | Emma |
ArbeidsforholdsID | 10 |
Type arbeidsforhold | maritimt |
Startdato på arbeidsforholdet | 25. januar |
Sluttdato på arbeidsforholdet | |
Yrkeskode | 7241 110 |
Talet per veke som svarar til ei full stilling | 37,5 |
Stillingsprosent | 100 |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 25. januar |
Arbeidstidsordning | ikkeSkift |
Siste lønnsendringsdato | 25. januar |
Lønnsansiennitet | |
Lønnstrinn | |
Skipsregister | NOR |
Skipstype | Turist |
Fartsområde | Innanriks |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
I a-meldinga for februar tek cruiseselskapet opp att dei same opplysningane om arbeidsforholdet til Emma i tillegg til opplysningar om lønn og ytingar dei har betalt ut. Dei fører òg alle andre obligatoriske opplysningar for månaden.
Er det obligatorisk
Ja, du må føre opp type arbeidsforhold, og i tillegg gi opplysningar om arbeidsforholdet kvar månad for ein tilsett i eit maritimt arbeidsforhold, til og med månaden for den aktuelle sluttdatoen.
Maritimt arbeidsforhold er rapporteringspliktig til Aa-registeret. Opplysningane du oppgir i a-meldinga blir automatisk sende vidare til Aa-registeret.
Informasjon om arbeidsforholdet er obligatorisk. Somme opplysningar skal du berre oppgi dersom det er aktuelt, til dømes ved permisjon.
Når skal du rapportere
- Kor ofte?
Oppgi arbeidsforholdet kvar månad til og med den månaden med den aktuelle sluttdatoen, sjølv om du ikkje betaler ut noko. I månaden etter sluttdatoen skal du ikkje oppgi arbeidsforholdet lenger. - Kor tidleg?
Du kan oppgi arbeidsforholdet med ein gong du veit startdatoen, og helst før den aktuelle startdatoen.
- Kor seint?
Du må oppgi arbeidsforholdet seinast innan rapporteringsfristen for den månaden med den aktuelle startdatoen.
Døme på når du skal velje dette
Velje maritimt (eller ordinært) arbeidsforhold:
Dei kan vere maritime dersom dei utførast til sjøs
Tilsette som får lønnstilskot Når arbeidsgivaren/tiltaksarrangøren betaler lønn til den tilsette og NAV yter lønnstilskot til verksemda. |
Dei tilsette sin representant i styre |
Arbeidstakar og pensjonist Tilsette som får utbetalt godtgjersle både som arbeidstakar og pensjonist frå den same verksemda. Oppgi dette som eit samla arbeidsforhold. |
Ekstrahjelp, vikarar osv. |
Velje eit maritimt arbeidsforhold for:
Sokkelarbeidarar som jobbar på ei flyttbar innretning/borerigg |
Merk!
For sokkelarbeidarar som jobbar på ein fast installasjon som til dømes ein boreplattform som er montert fast, skal du velje ordinært arbeidsforhold.
For fiskar og fangstmann som er teken opp i manntalet (fiskarmanntalet) skal du velje pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold, eller ikkje oppgi type arbeidsforhold i det heile tatt.
Endre type arbeidsforhold
Dersom type arbeidsforhold er endra sidan sist a-melding må du oppgi ny type arbeidsforhold i den neste a-meldinga du skal sende. Korleis du endrar kjem an på type arbeidsforhold du byter frå og type arbeidsforhold du byter til. Du må velje mellom ein av tre alternative måtar å endre på.
Sjå korleis du byter frå ein type arbeidsforhold til ein annan
Endre eller korrigere fartøysopplysningar
Endring av fartøysopplysningar
Dersom den tilsette er i same arbeidsforhold, men har bytt type fartøy og/eller fartsområde, må du oppgi korrekt type fartøy og/eller fartsområde i rapporteringsperioden der endringa skjer. Dersom det er ei ny arbeidsavtale, må først det rapporterte arbeidsforholdet avsluttast med sluttdato og årsak til sluttdato, og det nye arbeidsforholdet må rapporterast med ny arbeidsforholdsID og ny startdato, i tillegg til andre obligatoriske opplysningar.
Døme
Amalie har sidan 2015 jobba som styrmann på eit skip som har vore registrert i NOR og som har sigla innanriks. Frå januar 2019 skal skipet flaggast ut, og det skal vere registrert i eit utanlandsk skipsregister og sigle utanriks. Amalie skal halde fram som styrmann på skipet etter utflagginga.
A-melding for desember
Inntektsmottakar |
Amalie |
ArbeidsforholdsID | 1 |
Type arbeidsforhold | maritimt |
Startdato på arbeidsforholdet | 1.1.2015 |
Sluttdato på arbeidsforholdet | Alltid i den måneden den ansatte slutter |
Skipsregister | NOR |
Skipstype | anna |
Fartsområde | innanriks |
A-melding for januar 2019
Inntektsmottakar |
Amalie |
ArbeidsforholdsID | 1 |
Type arbeidsforhold | maritimt |
Startdato på arbeidsforholdet | 1.1.2015 |
Sluttdato på arbeidsforholdet | Alltid i den måneden den ansatte slutter |
Skipsregister | UTL |
Skipstype | anna |
Fartsområde | utanriksfart |
I tillegg fører du andre obligatoriske opplysningar.
Korrigere feil fartøysopplysningar
Dersom du har registrert feil fartøysopplysningar for ein tilsett, kan du rette dette i neste a-melding.
Døme
Christoffer arbeider som maskinist på eit lasteskip registrert i NIS, men arbeidsgivaren har registrert at han arbeider på eit turistskip. I neste a-melding rettar dei dette.
A-melding neste månad
Inntektsmottakar |
Christoffer |
ArbeidsforholdsID | 1 |
Skipsregister | NIS |
Skipstype | anna |
Fartsområde | utanriks |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-108 Opplysningar om arbeidsforhold manglar |
MAGNET_EDAG-187 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-187-7 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-266 Arbeidsforholdstypen er endra frå den førre rapporteringa |
MAGNET_EDAG-269 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-273 Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-282 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-284 Ulogisk startdato på arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-285 Ulogisk periode på arbeidsforholdet |
MAGNET_EDAG-288 Ugyldig identifikator for verksemda |
MAGNET_EDAG-289 Ugyldig identifikator for verksemda |
Har du ført opp feil type arbeidsforhold og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen på to måtar.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Skal du slette eit feilrapportert arbeidsforhold
Dette kan du gjere på to måtar.
- Send inn ei ny a-melding der du set startdatoen og sluttdatoen for arbeidsforholdet til same dato og stillingsprosenten til 0 prosent. I tillegg oppgir du at årsak til sluttdato er arbeidsforholdet skulle aldri ha vore rapportert.
Aa-registeret kan då skilje feilrapporterte arbeidsforhold frå eindags arbeidsforhold. - Send inn ei erstatningsmelding der det feilrapporterte arbeidsforholdet ikkje er med. Du må då erstatte alle rapporteringsperiodar der arbeidsforholdet har blitt feilaktig oppgitt.
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV nyttar opplysningar om type arbeidsforhold til å skilje på ordinære og maritime arbeidsforhold. Vidare nyttar dei opplysningane til å vurdere medlemskap i folketrygda, og til å rekne ut ytingar og etterkontroll av ytingane. Gjeld til dømes sjukepengar, dagpengar og foreldrepengar.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til å lage statistikkar om utviklinga i lønningar, sysselsetjing og sjukefråvær
Opplysningar om maritime arbeidsforhold blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.