Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis
Gjeld lønn og andre ytingar som skal skattleggjast etter Jan Mayen-skattelova.
Kort om skatte- og avgiftsregelen
Lønn og andre ytingar for arbeid på Jan Mayen eller i dei norske bilanda i Antarktis blir skattlagde etter reglane i Svalbardskattelova, dersom kvart einskild opphald i samband med arbeidet overstig 30 døgn.
Du skal bruke denne skatte- og avgiftsregelen for inntektsmottakarar som har eit samanhengande opphald på Jan Mayen eller bilanda over 30 dagar.
Sjukepengar og lønn under sjukdom skal skattleggjast etter dei same reglane, dersom arbeidstakaren under sjukdomen oppheld seg på Jan Mayen eller i dei norske bilanda i Antarktis.
Dei norske bilanda i Antarktis er Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy.
Du må markere lønn og andre ytingar, forskotstrekket, trygdeavgifta og frådrag med Jan Mayen og bilanda, i tillegg til å oppgi opplysningar om opphaldet til inntektsmottakar. For arbeidsgiveravgifta gjeld dei samme reglane som for Svalbard.
Sjå meir om skattereglar for Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis
Les meir om lønnstrekkordninga på Svalbard
Samanhengande opphald over 30 dagar
Dersom ein person oppheld seg på Jan Mayen eller bilanda i meir enn 30 dagar, utan å forlate staden, reknar vi det som eit samanhengande opphald. Dette gjeld òg opphald som går over eit årsskifte.
Slik reknar du ut opphaldet:
- tel opp talet på samanhengande dagar
- ikkje inkluder reisedagar til og frå
- reiser bort frå Jan Mayen eller bilanda bryt av det samanhengande opphaldet og teljinga startar på nytt
Dersom ein person arbeider på Jan Mayen i 14 dagar, tek ei helg på fastlandet, og deretter arbeider 20 dagar på Jan Mayen, er dette to opphald på under 30 dagar. Du skal då ikkje bruke skatte- og avgiftsregelen for desse periodane.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Du skal føre opp informasjonen om opphaldet til inntektsmottakaren på Jan Mayen og bilanda minst ein gong per opphald. Du kan gjenta opplysningane om opphaldet kvar gong du sender a-melding så lenge inntektsmottakaren opphalder seg på Jan Mayen og bilanda. I tillegg til andre obligatoriske opplysningar skal du føre opp:
OpphaldsID | unik ID |
Startdato | frå dato |
Sluttdato | til dato |
Opphaldsnemning | Jan Mayen og bilanda |
Startdatoen og sluttdatoen er for det samanhengande opphaldet.
Ytingar som skatte- og avgiftsregelen gjeld for
Du kan bruke skatte- og avgiftsregelen på dei fleste typar lønn og andre ytingar.
Når inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med skatte- og avgiftsregelen «Jan Mayen og bilanda».
Sjå oversikt over ytingar som skatte- og avgiftsregelen gjeld for
Kva med forskotstrekket
Dersom du har brukt skatte- og avgiftsregelen på lønn og andre ytingar, skal du òg markere:
- forskotstrekket med «Jan Mayen og bilanda»
- trygdeavgifta med «Betalt trygdeavgift til Jan Mayen».
Her finn du satsane som gjeld for trekt skatt og trygdeavgift til Jan Mayen og bilandene. Den årlege meldinga om skatt og skattetrekk på Svalbard, Jan Mayen og bilandande gir nærmare informasjon om korleis du skal gjennomføre trekket.
Trekket skal betalast til Skatteetaten.
Kva med frådraget
Dersom du har brukt skatte- og avgiftsregelen på lønn og andre ytingar, hugs og gi opp desse frådraga med Jan Mayen og bildanda:
- Fagforeiningskontingent Jan Mayen og bilanda i Antarktis
- Premie til pensjonsordningar Jan Mayen og bilanda i Antarktis
Kva med arbeidsgivaravgifta
For Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis gjeld dei same reglane for arbeidsgivaravgift som for Svalbard. Sjå ein eigen omtale av arbeidsgivaravgift for lønnstrekk på Svalbard under punktet om andre næringar.
Plikta til å berekne ekstra arbeidsgiveravgift på lønnsytingar over 750 000 kroner gjeld ikkje for lønnsytingar til arbeidstakarar i lønnstrekkordninga på Svalbard og arbeidstakarar på Jan Mayen eller bilandene.
Rette feil
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten nyttar opplysningane til å sikre at arbeidstakarar på Jan Mayen og bilanda blir skattlagde etter lønnstrekkordninga. Talet på dagar må givast opp for kontrollen sin del, og for å syte for rett skattlegging.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk