Ugyldig kombinasjon av inntekt og forskotstrekk på Svalbard
F513 / MAGNET_EDAG-513
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein ugyldig kombinasjon av inntekt og forskottstrekk. Inntekt som er skattepliktig til Svalbard etter lønnstrekksordninga skal du oppgi med særskild skatte- og avgiftsregel «Svalbard». Forskottstrekk som gjeld trekt skatt og trygdeavgift til Svalbard skal du oppgi med nemninga «Svalbard».
Feilmeldinga kan komme av at du har
- oppgitt inntekt med skatte- og avgiftsregel «Svalbard», men ikkje oppgitt forskottstrekksnemninga «Svalbard»
- oppgitt forskottstrekksnemninga «Svalbard», men ikkje oppgitt inntekt med skatte- og avgiftsregelen «Svalbard»
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikt over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
Du må rette a-meldinga for den kalendermånaden som inneheld feil.
-
Du kan rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med riktig beløp, riktig nemning og riktig skatte- og avgiftsregel.
-
Du kan også rette ved å levere ei ny a-melding. Oppgi beløpet med motsett forteikn og same nemningar eller skatte- og avgiftsregel som i den opphavlege a-meldinga. Oppgi så beløpet på nytt med riktig forteikn, riktig nemning og riktig skatte- og avgiftsregel.
- Lever a-meldinga når du har retta feilen. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit selskap heimehøyrande på Svalbard har éin arbeidstakar. Arbeidstakaren er busett på Svalbard og blir skattlagd etter reglane om lønnstrekk på Svalbard.
Selskapet sender a-melding for mars og rapporterer følgjande:
Fordel/Forskotstrekk | Skildring | Skatte- og avgiftsregel | Beløp |
Kontantyting | Fastlønn | Svalbard | 60 000 |
Forskotstrekk | <tom> | 9 540 |
Selskapet rapporterer fastlønn med skatte- og avgiftsregel «Svalbard», men oppgir ikkje forskottstrekk med nemninga «Svalbard». Dette fører til at forskottstrekket blir tilordna fastlandet.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-513 fordi dei har oppgitt inntekt med skatte- og avgiftsregel «Svalbard», men ikkje oppgitt nemninga «Svalbard» for forskottstrekket. Dette er ein ugyldig kombinasjon av inntekt og forskottstrekk.
Selskapet rettar forskottstrekket for den kalendermånaden det vart rapportert feil, med ei erstatningsmelding. Forskottstrekket blir oppgitt med nemninga «Svalbard».
Døme
Et selskap hjemmehørende på Svalbard har én arbeidstaker. Arbeidstakeren er bosatt på Svalbard og skattlegges etter reglene om lønnstrekk på Svalbard.
Selskapet sender a-melding for mars og rapporterer følgende:
Fordel/ Forskotstrekk |
Skildring | Skatte- og avgiftsregel | Beløp |
Kontantyting | Feriepenger | Svalbard | 60 000 |
Forskotstrekk | <tom> | 0 |
Selskapet rapporterer feriepenger med skatte- og avgiftsregel Svalbard, men oppgir ikke forskuddstrekk. Det skal foretas trekk i alle utbetalinger – også i feriegodtgjørelsen, lønn i ferien og lønn før jul.
De får feilmeldingen MAGNET_EDAG-513 fordi de har oppgitt inntekt med skatte- og avgiftsregel Svalbard, men ikke oppgitt forskuddstrekk med beskrivelse Svalbard. Dette er en ugyldig kombinasjon av inntekt og forskuddstrekk.
Selskapet rettar forskottstrekket for den kalendermånaden det vart rapportert feil, med ei erstatningsmelding. Forskottstrekket blir oppgitt med nemninga «Svalbard».
Fordel/forskotstrekk | Nemning | Skatte- og avgiftsregel | Beløp |
Kontantyting | Feriepengar | Svalbard | 50 000 |
Forskotspenger | Svalbard | 7 950 |