Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon)
Gjennom pensjonsregelverket er private arbeidsgivarar, som oppfyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP-lova), pålagde å opprette tenestepensjonsordning og spare pensjon for sine tilsette. Du skal oppgi pensjonsinnretning det er inngått avtale om sparing med i a-meldinga.
Kort om pensjonsinnretning
Oppgi kva pensjonsinnretning arbeidsgivaren har inngått tenestepensjonsavtale med. Du skal ikkje oppgi eventuelle agentar eller andre som har formidla avtalen.
Oppgi organisasjonsnummeret til pensjonsinnretninga. Dersom det er snakk om ei utanlandsk pensjonsinnretning, oppgir du ID-en til denne, til dømes TIN (Tax Identification Number).
Det er mogleg å oppgi fleire avtalepartar viss arbeidsgivar har tenestepensjonsavtalar med fleire pensjonsinnretningar.
Du skal ikkje oppgi opplysningar om pensjonsinnretning viss du ikkje har tenestepensjonsavtale.
Dersom du oppgir at arbeidsgivar har tenestepensjonsavtale, skal du oppgi tilskotet til pensjonsordninga i grunnlaget for utrekning av arbeidsgivaravgift.
Du kan lese meir om obligatorisk tenestepensjon her.
Er det obligatorisk
Som følgje av endringar i obligatorisk tenestepensjon (OTP-lova) §7, med verknad frå 01.01.2021, må dei fleste arbeidsgivarar opplyse i a-meldinga kven det er inngått tenestepensjonsavtale med.
Arbeidsgivarar som har pensjonsordning i samsvar med lov eller tariffavtale for statleg eller kommunalt tilsette skal ikkje føre opp pensjonsinnretning i a-meldinga.
Arbeidsgivarar i privat sektor som pliktar å ha pensjonsordning etter OTP-lova § 2, skal opprette pensjonsordning etter føretaks-, innskots- eller tenestepensjonslova for å sikre at arbeidstakarane i bedrifta får alderspensjon i samsvar med krava i OTP-lova.
Når skal du rapportere
Du skal opplyse om pensjonsinnretning frå og med den månaden tenestepensjonsavtalen trer i kraft, og fram til og med den månaden tenestepensjonsavtalen opphøyrer.
Døme på rapportering av pensjonsinnretning
Ein blomsterbutikk har 10 tilsette og er omfatta OTP-lova. Frå og med januar skal butikken oppgi pensjonsleverandøren Pensjon 1, som det er inngått tenestepensjonsavtale med.
A-melding for januar | |
Opplysningspliktig | Blomsterbutikk |
Pensjonsinnretning | Organisasjonsnummeret til pensjonsinnretninga Pensjon 1 |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.
Døme på pensjonsavtale med internasjonal tilbydar
Ein fabrikk har 15 tilsette og er omfatta av OTP-lova. Fabrikken har frå og med januar inngått tenestepensjonsavtale med den utanlandske pensjonsinnretninga Pensions-for-all.
A-melding for januar | |
Opplysningspliktig | Fabrikk |
Pensjonsinnretning | Tax identification number for Pensions-for-all |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.
Døme med 2 pensjonsinnretningar
Eit reklamebyrå har 15 tilsette. Desse tilsette er omfatta av ei eksisterande føretakspensjonsordning. Frå og med januar tilset byrået 10 nye medarbeidarar og opprettar ein ny tenestepensjonsavtale med pensjonsinnretninga Pensjon 2 for desse.
A-melding for februar | |
Opplysningspliktig | Reklamebyrå |
Pensjonsinnretning | Organisasjonsnummeret til tilbydaren av føretakspensjon |
Pensjonsinnretning | Organisasjonsnummeret til Pensjon 2 |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.
Endre pensjonsinnretning
Hvis en arbeidsgiver inngår tjenestepensjonsavtale med en ny pensjonsinnretning skal du oppgi ny pensjonsinnretning fra og med den måneden ny avtale trer i kraft.
Døme med ny pensjonsleverandør frå månadsskifte
Ein skobutikk har 10 tilsette og er omfatta OTP-lova. Fram til og med januar har butikken avtale om pensjonssparing for sine tilsette hos pensjonsinnretninga Pensjon 1. Frå og med februar går dei over til pensjonsinnretninga Pensjon 2.
A-melding for januar | |
Opplysningspliktig | Skobutikk |
Pensjonsinnretning | Organisasjonsnummeret til Pensjon 1 |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for februar | |
Opplysningspliktig | Skobutikk |
Pensjonsinnretning | Organisasjonsnummer til Pensjon 2 |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.
Døme med byte av pensjonsleverandør i løpet av ein månad
Ein butikk har 10 tilsette og er omfatta av OTP-lova. Fram til og med 10. januar har butikken avtale om pensjonssparing for sine tilsette hos pensjonsinnretninga Pensjon 1. Frå og med 11. januar går ein over til pensjonsinnretninga Pensjon 2.
A-melding for januar | |
Opplysningspliktig | Butikken |
Pensjonsinnretning | Organisasjonsnummer til Pensjon 1 |
Pensjonsinnretning | Organisasjonsnummer til Pensjon 2 |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for februar | |
Opplysningspliktig | Butikken |
Pensjonsinnretning | Organisasjonsnummer til Pensjon 2 |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.
Avslutte pensjonsinnretning
Viss arbeidsgivar ikkje lenger er omfatta av OTP-lova og avviklar tenestepensjonsavtale, så skal du ikkje oppgi pensjonsinnretning frå og med månaden tenestepensjonsavtalen har opphøyrd.
Døme med avslutta pensjonsavtale
Ein fabrikk har i januar 10 tilsette og er omfatta av OTP-lova. Frå februar blir det nedbemanna til éin tilsett. Fabrikken er då ikkje lenger omfatta av OTP-lova, og avsluttar tenestepensjonsavtalen om pensjonssparing med verknad frå februar. I a-meldinga for februar skal fabrikken såleis ikkje oppgi pensjonsinnretning.
A-melding for februar | |
Opplysningspliktig | Fabrikk |
Pensjonsinnretning |
I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-292 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-507 Manglende opplysningar om pensjonsinnretning |
Har du gløymt å oppgi eller oppgitt feil pensjonsinnretning, kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.
Døme
Ein butikk har oppgitt feil pensjonsinnretning i a-meldinga for februar. Dei oppdagar feilen i april. Dei rapporterer inn rett pensjonsinnretning i a-meldinga for mars.
A-melding for mars Opplysningspliktig Butikken Pensjonsinnretning Organisasjonsnummeret til pensjonsinnretninga I tillegg legg dei inn andre obligatoriske opplysningar.
Hva bruker vi opplysningene til
Skatteetaten deler opplysninger med den eller de pensjonsinnretningene arbeidsgiver har avtale med. Opplysningene gir pensjonsinnretningen(e) tilgang til å hente inntektsopplysninger (fra Skatteetaten) og arbeidsforholdsopplysninger (fra NAV) som er rapportert i a-meldingen. Pensjonsinnretningene benytter disse opplysningene til å vurdere vilkår og gjøre ajourhold av tjenestepensjonsavtalen.
Skattemyndigheten har hjemmel i skatteforvaltningsloven § 3-6 tredje ledd til å utlevere lønnsopplysninger som er innrapportert med hjemmel i skatteforvaltningsloven § 7-2 til pensjonsinnretninger som har tjenestepensjon etter foretakspensjonsloven, innskuddspensjonsloven eller tjenestepensjonsloven til bruk i arbeidet med slik pensjonsordning.