Det manglar opplysningar om pensjonsinnretning
F507 / MAGNET_EDAG-507
Kvifor denne feilmeldinga
Viss feltet "Tilskott og premie til pensjon" er fylt ut, skal også feltet "Pensjonsinnretning" vere fylt ut.
Dersom bedrifta di er OTP-pliktig, må du oppgi i a-meldinga kva pensjonsinnretning du har inngått avtale med. Du må oppgi organisasjonsnummeret til pensjonsinnretninga kvar månad, frå og med den månaden pensjonsavtalen tar til å gjelde
Alle som har fylt ut feltet “Tilskot og premie til pensjon”, men som ikkje har fylt ut feltet “Pensjonsinnretning” får denne feilmeldinga. Dette gjeld og arbeidsgivarar som har pensjonsordning i samsvar med til lov eller tariffavtale for statleg eller kommunalt tilsette. Arbeidsgivarar som har pensjonsordning i samsvar til lov eller tariffavtale for statleg eller kommunalt tilsette skal ikkje føre opp pensjonsinnretning i a-meldinga, og kan derfor sjå bort ifrå denne feilmeldinga.
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik retter du
- Oppgi kva pensjonsinnretning arbeidsgivaren har inngått tjenestepensjonsavtale med.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar.