Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startside til skatteetaten
Startside til skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemder Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform (fast og mellombels)
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, kommunesamanslåing og meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Kommune- og fylkessamanslåing
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift på lønnsinntekt over 750 000 kroner Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Særskilde forhold
  • Del
    • Facebook
    • Twitter
    • LinkedIn
  • Skriv ut

Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd

  • Oppdatert: 23.03.2020

Både den noverande og den nye eigaren må syte for at opplysningane om arbeidsforholda blir knytte til rett verksemd.

Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd vil seie at heile eller delar av verksemda blir selt/overdrege frå den noverande eigaren til den nye eigaren. 

 

Kva du må gjøre 

Ved oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd må:

  1. Noverande eigar oppgi sluttdato og årsak til sluttdato på arbeidsforholda
  2. Ny eigar oppgi startdato på dei nye arbeidsforholda

 

Den noverande eigaren oppgir sluttdato og årsak til sluttdato på arbeidsforholda

Som noverande eigar av verksemda må du føre opp sluttdato og årsak til sluttdato på alle arbeidsforholda for dei tilsette. Sjå òg utdjupande informasjon om sluttdato. 

 

Døme

Noverande Opplysningspliktig 1 skal avslutte alle arbeidsforhold fordi verksemda har blitt kjøpt av Opplysningspliktig 2. Opplysningspliktig 2 tek over frå 1.juni.

A-melding for mai  
Opplysningspliktig 1
Verksemd A
Inntektsmottakar Ola
Startdato på arbeidsforholdet 1. januar
Sluttdato på arbeidsforholdet 31. mai
Årsak til sluttdato endring i organisasjonsstruktur eller internt jobbyte

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

 

Den nye eigaren oppgir startdato på dei nye arbeidsforholda

Som ny eigar av verksemda må du oppgi alle arbeidsforholda på dei tilsette som du tek over arbeidsgivaransvaret for på ny opplysningspliktig. Ønskjer du meir informasjon om kva for opplysningar du skal oppgi, kan du sjå dei ulike typane arbeidsforhold.

Merk!
Den nye startdatoen på arbeidsforholdet skal vere dagen etter sluttdato, for at det skal bli riktige opplysningar i Aa-registeret i NAV. Til dømes sluttdato 31. desember og startdato 1. januar.

 

Døme – overdraging av verksemd, heile verksemda

Ny eigar, Opplysningspliktig 2, skal oppgi alle arbeidsforhold frå den datoen han tek over arbeidsgivaransvaret fordi dei har kjøpt opp Opplysningspliktig 1. Opplysningspliktig 2 tek over frå 1.juni.

A-melding for juni  
Opplysningspliktig 2
Verksemd A
Inntektsmottakar Ola
Startdato på arbeidsforholdet 1. juni
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg oppgir de andre obligatoriske opplysninger.

Diagram. Den noverande eigaren fører opp sluttdato for Ola i eksisterande arbeidsforhold. Den nye eigaren oppgir nytt arbeidsforhold for Ola med ny startdato. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.
Modell - kva gjer du med arbeidsforhold ved oppkjøp, eigarskifte eller overdraging av heile verksemda.

 

Døme – overdraging av verksemd, delar av verksemda

Ny eigar, Opplysningspliktig 2, skal oppgi alle arbeidsforhold frå den datoen han tek over arbeidsgivaransvaret fordi dei har kjøpt opp Opplysningspliktig 1. Opplysningspliktig 2 tek over frå 1.juni.

A-melding for juni  
Opplysningspliktig 2
Verksemd B
Inntektsmottakar Fatima
Startdato på arbeidsforholdet 1. juni
Sluttdato på arbeidsforholdet  

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

Diagram. Den noverande eigaren fører opp sluttdato for Fatima i eksisterande arbeidsforhold. Den nye eigaren fører opp nytt arbeidsforhold for Fatima med ny startdato. Teksten i artikkelen forklarer dette nærare.
Modell - kva gjer du med arbeidsforhold ved oppkjøp, eigarskifte eller overdraging av delar av verksemda

 

Når det blir oppretta ei hovudeining som seinare skal overta ei eller fleire verksemder

Dersom det blir oppretta ei hovudeining som seinare skal overta ei eller fleire verksemder, får ikkje den nyoppretta hovudeininga tildelt verksemdnummer. Dersom det arbeider personar i ei nyoppretta hovudeining som får lønn eller ytingar, må du oppgi arbeidsforholdstype Pensjon eller andre ytingar eller ikkje oppgi arbeidsforhold i det heile teke. Først når hovudeininga har overteke verksemdene, oppgir du rett arbeidsforholdstype, til dømes endrar til ordinær, maritim eller frilansar.
 

Døme – framtidig verksemdsoverdraging

Opplysningspliktig 1 driv i sportsbransjen og har 2 butikkar i ulike byar. Eigaren av butikkane har blitt sjuk og ønskjer å selje begge butikkane. Han kjem i kontakt med Per, som vurderer om han skal kjøpe butikkane.


Per opprettar ei hovudeining (opplysningspliktig 2) i februar, og han arbeider med vilkåra for overdraging av dei 2 butikkane dei neste to månadene. 1. april overtek han butikkane, og han byrjar å arbeide i den eine butikken (verksemd A).

A-melding for februar og mars
Opplysningspliktig 2
Verksemd  
Inntektsmottakar Per
Type arbeidsforhold Pensjon og ytingar utan arbeidsforhold

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

 

A-melding for april
Opplysningspliktig 2
Verksemd A
Inntektsmottakar Per
Type arbeidsforhold Ordinært
Startdato for arbeidsforholdet 1. februar
Sluttdato for arbeidsforholdet  

I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

 

Til toppen

Desse samarbeider om a-meldinga:

 

Logo NAV
Logo Statistisk Sentralbyrå
Logo Skatteetaten
footer/desktop/standard
Skatteetaten. Logo
Satser
Skjema og tjenester
Sámegiel skovit
Sikkerhet og personvern
Tilgjengelighetserklæring