Arbeidstidsordning
Når på døgnet arbeidet skjer (arbeidstidsordning) skal stå i arbeidsavtalen, og dette må samsvare med det du fører opp i a-meldinga.
Kort om arbeidstidsordning
Arbeidstidsordning er ein avtale om når på døgnet arbeidet skal skje og eventuelt variasjonar i denne over ein periode.
Med skift- eller turnusarbeid forstår vi vanlegvis ei avtalt arbeidstidsordning der arbeidstida blir lagt til ulike tider i nærmare oppgitte periodar. Tilfeldige variasjonar i arbeidstida som følgje av sjukefråvær, ferie, permisjonar, overtid, ikkje-regelmessig meirtid o.l. skal ikkje reknast som skift- eller turnusarbeid.
Dersom ein tilsett jobbar på same tidspunkt kvar veke, til dømes alltid kveldstid eller berre laurdagar, blir ikkje dette rekna som skift- eller turnusarbeid.
Dersom det er avtalt at arbeidstida skal variere over ein periode, til dømes mellom ordinær dagtid og helg, blir dette rekna som skift- eller turnusarbeid.
Oppgi den arbeidstidsordninga som står i arbeidsavtalen til den tilsette.
Du kan velje mellom desse arbeidstidsordningane:
- Arbeid offshore 33,6 t/v (offshore336)
- Døgnkontinuerleg skiftarbeid og turnusarbeid 35,5 t/v (doegnkontinuerligSkiftOgTurnus355)
- Heilkontinuerleg skiftarbeid og andre ordningar 33,6 t/v (helkontinuerligSkiftOgAndreOrdninger336)
- Skiftarbeid 36,5 t/v (skift365)
- Andre skift-/turnusordningar enn oppgitt ovanfor (andreSkift)
- Ikkje skift (ikkeSkift)
Dersom den tilsette jobbar skift eller turnus og ingen av dei fire øvste alternativa står i arbeidsavtala, vel du alternativet «andreSkift». Dersom den tilsette ikkje jobbar skift eller turnus, vel du «ikkeSkift».
Døme
Julie jobbar i ei industriverksemd med arbeidsavtale om heilkontinuerleg skiftarbeid 33,6 timar per veke. Oppgi «helkontinuerligSkiftOgAndreOrdninger336».
Noah jobbar i ein daglegvarebutikk med arbeidsavtale om å jobbe kvar onsdag kveld og annankvar laurdag. Oppgi «andreSkift».
Knut jobbar i ein butikk med en arbeidsavtale om å jobbe annankvar veke frå 8–16 og 12–20. Oppgi «andreSkift».
Nils jobbar på ein bensinstasjon med arbeidsavtale om å jobbe fast kvar kveld måndag til fredag. Oppgi «ikkeSkift».
Anne jobbar på ein pub med arbeidsavtale om å jobbe fast kvar laurdag kveld. Oppgi «ikkeSkift».
Christian jobbar i ein kunstforeining med ein arbeidsavtale om å jobbe frå 8–16 kvar dag. I tillegg jobbar han fast to kveldar i månaden med å halde føredrag. Dersom Christian kan ta fri nokre timar ein kvardag for dei timane han arbeider på kvelden, skal han oppgi "andreSkift". Dersom det for kveldsmøtene ikkje er avtalt kortare arbeidstid på dagen, skal han oppgi "ikkjeSkift".
Merk!
Det skal vere samsvar mellom arbeidstidsordninga og det du fører opp i talet på timar per veke som ei full stilling svarar til. Med unnatak av «andreSkift» og «ikkeSkift».
Talet på timar per veke som ei full stilling svarar til, varierer med dei ulike arbeidstidsordningane.
Er det obligatorisk
Ja, du må føre opp arbeidstidsordning for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.
Det er frivillig for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.
Du skal ikkje føre opp arbeidstidsordning for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.
Når skal du rapportere
Oppgi arbeidstidsordning den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.
Endra arbeidstidsordning
Dersom ein tilsett byter arbeidstidsordning skal du oppgi ny arbeidstidsordning den månaden ordninga skiftar.
Rette feil
Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil arbeidstidsordning, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03) kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva nyttar vi opplysningane til
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysninga i statistikk til lønnsforhandlingar for å kaste lys over lønnsutviklinga for personar med nokon bestemte arbeidstidsordningar.
Opplysningar om arbeidstidsordning blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei. Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.