For arbeidstidsordninga "skift365" skal talet på timar per veke for full stilling vere 36,5
F235-4 / MAGNET_EDAG-235-4
Kvifor denne feilmeldinga
Talet på timar per veke for ei full stilling er for høgt eller lågt For arbeidstidsordninga "skift365" skal talet på timar per veke for full stilling vere 36,5 timar.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- ført opp noko anna enn 36,5 timar per veke for ei full stilling ved arbeidstidsordning "skift365"
- oppgitt feil type arbeidstidsordning
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn arbeidsforhold med arbeidstidsordninga "skift365" og kontroller om det talet på timar ein har oppgitt per veke for ei full stilling er rett.
- Dersom du har gitt opp feil timetal, rett til riktig verdi på talet på timar per veke for full stilling ved "skift365" (talet på timar 36,5).
- Dersom arbeidstidsordninga "skift365" er feil for dette arbeidsforholdet, endre til rett arbeidstidsordning.
- Dersom talet på timar per veke som ei full stilling svarar til ikkje er 36,5, må du endre arbeidstidsordning til "Ikkje skift".
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – talet på timar for full stilling er feil
Eit sjukehus sender a-melding for september med opplysningar om Lise. Dei oppgir arbeidstidsordninga "skift365" og talet på timar per veke til 37,5. Talet på timar er feil.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-235-4 fordi «talet på timar ei full stilling svarar til» ikkje er 36,5.
Sjukehuset endrar timane som ei full stilling svarar til for Lise til: | |
Talet på timar ei full stilling svarar til | 36,5 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Døme – arbeidstidsordning er feil
Eit sjukehus sender a-melding for september med opplysningar om Ola. Dei oppgir arbeidstidsordninga "skift365" og talet på timar per veke til 37,5. Talet på timar er rett.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-235-4 fordi «talet på timar ei full stilling svarar til» ikkje er 36,5.
Sjukehuset endrar arbeidstidsordning for Ola til: | |
Arbeidstidsordning | «ikke skift» |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.