Norske arbeidsgivarar med utanlandsforhold
Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet skal levere a-melding.
Opplysningsplikt i a-meldinga
Norske arbeidsgivarar har opplysningsplikt i a-meldinga. Dette gjeld òg norske arbeidsgivarar med
- utanlandske tilsette i Noreg
- norske tilsette i utlandet
- utanlandske tilsette i utlandet
For arbeidsgivarar med utanlandske tilsette i utlandet gjeld ei avgrensa opplysningsplikt. Sjå skatteforvaltningsforskrifta § 7-2-7 c).
Norske tilsette i utlandet:
Tilsette som er skattemessig busette i Noreg, og som utfører arbeid i utlandet. Dette inkluderer offentlege tenestepersonar utstasjonerte i utlandet.
Utanlandske tilsette i utlandet:
Tilsette som ikkje er skattemessig busette i Noreg, og som utfører arbeid i utlandet.
Utanlandske tilsette i Noreg:
Tilsette som ikkje er skattemessig busette i Noreg, og som utfører arbeid i Noreg.
Sjå òg utfyllande informasjon om
skatteplikt for norske tilsette i utlandet
kva det vil seie å vere skattemessig busett
rapporteringsplikt ved bruk av utanlandsk arbeidskraft
lønnsopplysningsplikt (§ 7-2-7)
Kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar
Kva for opplysningar skal du oppgi?
I a-meldinga skal du gi informasjon om:
- arbeidsforhold
- lønn og andre ytingar
- frådrag
- forskotstrekk
- arbeidsgivaravgift
Merk!
Nyttar du ein utanlandsk identifikator for å identifisere dei tilsette (inntektsmottakarar) må du seinare endre til gyldig norsk ID-nummer.
Kva med forskotstrekket?
Du skal oppgi forskotstrekk i lønn og andre ytingar som er tent opp i Noreg eller i utlandet. Dersom du har søkt og fått innvilga trekkfritak eller fritak etter nordisk trekkavtale i Noreg for nokon av dine tilsette, skal du ikke oppgi forskotstrekk i a-meldinga. Dersom du har tilsette med skattekort med kjeldeskatt på lønn, skal du berre trekkje kjeldeskatt av skattepliktige ytingar. Her finn du meir informasjon om kjeldeskatt på lønn.
Kva med arbeidsgivaravgifta?
Du skal oppgi arbeidsgivaravgift av lønn og andre ytingar som er tent opp i Noreg eller i utlandet.
Enkelte unnatak
Du kan berre late vere å rekne ut arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren ikkje er medlem av norsk trygd.
Det gjeld for eksempel når inntektsmottakaren:
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
- er utanlandsk statsborgar som ikkje er medlem av folketrygda, og arbeidet er utført i utlandet
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Sjå òg utfyllande informasjon om arbeidsgivar- og trygdeavgift for norske tilsette i utlandet
Når må du rapportere?
Du skal sende a-melding alle dei månadene du betaler ut og/eller trekkjer noko, og så lenge arbeidsforholdet varer. Du skal ikkje samle opp rapportering for fleire månader.
Sjå òg utfyllande informasjon om sluttdato på arbeidsforhold
Korleis levere a-meldinga
Du kan levere a-meldinga på skatteetaten.no eller frå eit lønnssystem (A02) som er integrert med Altinn.
Sjå utfyllande informasjon om ulike måtar å levere på
Dersom du skal føre opp lønn eller andre ytingar opptente før 1. januar 2015, må du kontakte oss.
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar frå a-meldinga til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningane i samband med skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.