Skjema A02

A-melding - innsending frå system (A02)

Har du eller rekneskapsføraren din eit system som er fullt integrert, sender du a-meldinga frå systemet. Denne tenesta er for verksemder med lønnssystem eller eit anna system som er delvis integrert mot Altinn.

Om denne tenesta

Bruk tenesta for å gi opplysningar om arbeidsforhold, lønn, ytingar og forskotstrekk til dei tilsette, i tillegg til arbeidsgivaravgift. Gjeld system som er delvis integrerte med Altinn for å laste opp opplysningane.

Har du eller rekneskapsføraren din eit system som er fullt integrert med Altinn, brukar du ikkje denne tenesta, men sender a-meldinga direkte frå systemet.

Sjå oversikta over system som er integrerte med Altinn.

Tenesta er for deg som har eit system som er delvis integrert med Altinn.

For å bruke tenesta treng du ei av desse tilgangane i Altinn:

  • Utfyllar/innsendar
  • Rekneskapsførar med signeringsrett
  • Rekneskapsførar utan signeringsrett
  • Rekneskapsførar lønn
  • Ansvarleg revisor
  • Revisormedarbeidar
  • Kontaktperson NUF

Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla.

Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla til å delegere dei til deg. 

Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Kvar månad. Frist den 5. i kvar månad. Dersom den 5. er helg eller helgedag, er fristen første yrkedag etter.

Hugs å rapportere status på arbeidsforhold kvar månad. Dette rapporterer du sjølv om du ikkje betaler ut lønn.

Sjekk alltid tilbakemeldinga.

Kvar gong du sender a-melding kontrollerer vi ho automatisk. Tilbakemeldinga du får, seier kva du har rapportert og eventuelle feil du må rette. Ho inneheld òg informasjon om betaling av arbeidsgivaravgift og forskotstrekk, kontonummer og KID-nummer.

Du finn tilbakemelding (A03) i «Innboks» i Altinn.

Fleire system som er fullt integrerte med Altinn viser tilbakemeldinga og eventuelle feilmeldingar (MAGNET/EDAG) direkte i systemet.

Er du pliktig til å levere a-melding, men ikkje leverer eller leverer ho med feil, kan du få tvangsmulkt.

Feil eller manglar i opplysningane du sender i a-meldinga kan få følgjer for dei tilsette. Det kan føre til feil i skattemeldinga (sjølvmeldinga) eller feil i utbetalingar frå NAV. Det er derfor viktig at du sender riktige opplysningar innan fristen for månaden.

Hugs å føre opp status på arbeidsforhold kvar månad, sjølv om du ikkje betaler ut lønn.

footer/desktop/standard