Skattefrie organisasjonar
Gjeld opplysningsplikt og skatte- og avgiftsregel for skattefrie organisasjonar.
Kort om opplysningsplikt for skattefrie organisasjonar
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon etter skattelova § 2-32 første ledd, gjeld opplysningsplikta når lønn og andre ytingar overstig 10 000 kroner i året til ein arbeidstakar. "Andre ytingar" omfattar i utgangspunktet alle typar trekkpliktige utgiftsgodtgjersler og skattepliktige naturalytingar, som til dømes trekkpliktig bilgodtgjersle, fri kost og fritt losji.
Dersom den samla utbetalinga ikkje overstig grensa for opplysningsplikt, treng du ikkje oppgi lønn eller andre ytingar i a-meldinga.
Sjå òg utfyllande informasjon om skattefrie organisasjonar
To måtar å gi opplysningar på for skattefrie organisasjonar
For skattefrie organisasjonar kan du gi opplysningar om lønn og andre ytingar i a-meldinga på to ulike måtar.
- Du kan bruke skatte- og avgiftsregelen «Skattefri organisasjon» frå første krone, eller
- late vere å gi opplysningar om utbetalingar til beløpsgrensa er nådd. Når du passerer beløpsgrensa, skal du føre opp alle utbetalingar utan skatte- og avgiftsregelen.
Uansett kva for ein måte du nyttar, skal du rekne ut arbeidsgivaravgift frå første krone.
Dersom du brukar skatte- og avgiftsregelen
Brukar du skatte- og avgiftsregelen «Skattefri organisasjon», treng du ikkje å vurdere om du kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Dersom du brukar han, må du gjere det frå første krone og for alle utbetalingar heile året.
Du skal markere all lønn og andre ytingar der du kan bruke regelen «Skattefri organisasjon».
Døme
Anne jobbar for ein skattefri organisasjon. Den skattefrie organisasjonen oppgir utbetalingane til Anne frå første krone i a-meldinga.
A-melding for januar | |
Inntektsmottakar | Anne |
Beløp | 9 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, fastlønn |
Skatte- og avgiftsregel | skattefri organisasjon |
I tillegg fører dei opp alle andre obligatoriske opplysningar.
A-melding for februar | |
Inntektsmottakar | Anne |
Beløp | 9 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, fastlønn |
Skatte- og avgiftsregel | skattefri organisasjon |
I tillegg fører dei opp alle andre obligatoriske opplysningar.
Dersom du ikkje brukar skatte- og avgiftsregelen
Dersom du ikkje brukar regelen skal du ikkje oppgi lønn og andre ytingar for arbeidstakaren, så lenge beløpet er under grensa for opplysningsplikt. Dersom du betaler ut meir enn 10 000 til arbeidstakaren i løpet av året, skal du føre opp all lønn og andre ytingar utan å bruke skatte- og avgiftsregelen for skattefri organisasjon.
Den månaden lønna og dei andre ytingane til arbeidstakaren passerer grensa må du føre opp heile beløpet i a-meldinga.
Merk!
Du skal betale arbeidsgivaravgift sjølv om beløpet er under grensa for opplysningsplikt. Hugs å oppgi dette i avgiftsgrunnlaget.
Døme
Per jobbar for ein skattefri organisasjon. Den skattefrie organisasjonen fører opp utbetalingar til Per etter at grensa for opplysningsplikt er passert. Per fekk 10 000 kroner i lønn i april. I mai får han 3 000 kroner.
A-melding for april | |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | 10 000 |
I tillegg fører dei opp alle andre obligatoriske opplysningar.
Ver merksam på at når beløpet er under grensa for opplysningsplikt, er ikkje arbeidsforholdet opplysningspliktig til Aa-registeret. Opplysningsplikta gjeld først når beløpsgrensa er overskriden.
A-melding for mai | |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | 3 000 |
Inntektsmottakar | Per |
Beløp | 13 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, fastlønn |
I tillegg fører dei opp alle andre obligatoriske opplysningar.
Den skattefrie organisasjonen får feilmeldinga MAGNET_EDAG 184 for a-meldingane for april og mai. Det er fordi det ikkje er samsvar mellom avgiftsgrunnlaget og inntekta til Per. Dette er ok, og organisasjonen treng ikkje å rette dette.
Ytingar som skatte- og avgiftsregelen gjeld for
Du kan berre bruke skatte- og avgiftsregelen «Skattefri organisasjon» på somme typar lønn og andre ytingar.
Når du brukar skatte- og avgiftsregelen skal du markere ytinga med «Skattefri organisasjon».
Sjå oversikta over kva for ytingar skatte- og avgiftsregelen gjeld for
Kva med forskotstrekket
Du skal føre opp alle forskotstrekka du har gjennomført. Dersom ytingane for året til saman er under 10 000 kroner, skal du ikkje gjennomføre trekk. Dersom grensa blir passert i løpet av året, skal du gjennomføre trekk, dersom det er kontante ytingar å trekkje i.
Kva med arbeidsgivaravgifta
Du skal betale arbeidsgivaravgift av all lønn og andre ytingar du betaler ut. Dette gjeld uansett om beløpa overstig grensa for opplysningsplikt eller ikkje.
Dersom du har venta med å oppgi lønn og ytingar til grensa for opplysningsplikt er passert, kan du få feilmelding MAGNET_EDAG 184 i a-meldinga for den månaden du passerer grensa. Det kjem av at du har oppgitt avgiftsgrunnlaget løpande, medan lønn og ytingar først blei oppgitt i den månaden grensa blei passert. Då er det ikkje samsvar mellom avgiftsgrunnlag og avgiftspliktig lønn og ytingar. Dette er ok, og du treng ikkje å rette dette.
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten nyttar opplysningane for å sikre at tilsette som har tent mindre enn grensa for opplysningsplikt slepp å betale skatt av inntekta.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.