Premie til pensjonsordningar
Gjeld frådrag for premie til pensjonsordningar.
Kort om premie til pensjonsordningar
Før opp premie til offentlege og godkjende private pensjonsordningar når inntektsmottakaren er trekt i lønn for premien.
Dette gjeld òg:
- pensjonsordningar for skogsarbeidarar
- pensjonsordningar for fiskarar
- pensjonsordningar for sjøfolk
- trekt tilskot til føretakspensjonsordningar
- trekt tilskot til innskotspensjonsordningar
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | - x kroner |
Frådragsnemning | sjå nedanfor |
Beløp
Før opp bruttobeløpet som er trekt.
Du skal føre opp eit negativt beløp.
Du kan berre føre opp eit positivt beløp dersom du skal rette opp i ei tidlegare a-melding.
Frådragsnemning
Oppgi ei av desse nemningane:
- Premie til pensjonsordningar
- Premie til pensjonsordningar Svalbard
- Premie til pensjonsordningar Jan Mayen og bilanda i Antarktis
Du skal bruke nemninga «Premie til pensjonsordningar Svalbard» eller «Premie til pensjonsordningar Jan Mayen og bilanda i Antarktis» dersom arbeidstakaren kjem inn under lønnstrekkordninga på høvesvis Svalbard eller Jan Mayen. Nemninga inngår ikkje i grunnlag for utrekning av lønnstrekk.
Kva med forskotstrekket
Når du skal rekne ut forskotstrekk, skal du redusere utrekningsgrunnlaget med premien til pensjonsordningen som er trekt i arbeidstakaren si lønn.
Kva med arbeidsgivaravgifta
Du skal ikkje redusere grunnlaget for arbeidsgivaravgifta.
Når skal du rapportere
Oppgi frådraget den kalendermånaden du har trekt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-265 |
Du rettar opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Tasta feil beløp
Dersom du har trekt rett beløp, men tasta feil i a-meldinga, må du rette opp for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Har du rapportert eit for høgt beløp, fører du opp differansen med positivt forteikn og inkluderer nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
- Har du rapportert eit for lågt beløp, fører du opp differansen med negativt forteikn og inkluderer nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Gitt feil nemning
Dersom du har ført opp rett beløp, men med feil frådragsnemning, må du rette i a-meldinga for den kalendermånaden som inneheld feil eller manglar.
- Før opp beløpet med positivt forteikn og inkluder nemninga av frådraget frå den opphavlege a-meldinga.
- Før deretter opp beløpet på nytt med negativt forteikn og rett nemning.
Du kan òg rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med rett beløp og nemning for den kalendermånaden som inneheld feilen.
Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Kva brukar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningane til å gi rett frådrag. Beløpet blir overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.