No er det enklare å sende a-meldinga for deg utan lønnssystem
Du kan bruke ei ny og enklare løysing neste gong du skal sende a-meldinga. Den nye løysinga erstattar a-meldingskjemaet (A01) i Altinn. Du finn den nye løysinga her: A10 – Direkte rapportering av a-melding.
Frådrag er oppgitt utan skildring av frådraget
F265 / MAGNET_EDAG-265
Kvifor denne feilmeldinga
Du har gløymt å oppgi nemninga for eit frådrag.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for frådrag som manglar nemning og oppgi rett frådragsnemning.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit sjukehus sender a-melding med opplysningar om frådrag for William, eit frådrag på -1 000 kroner. Dei gløymer å oppgi kva for ein type frådrag det er.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-265 fordi opplysninga om frådragsnemning manglar.
Sjukehuset fører opp denne nemninga for frådraget til William: | |
Frådragsnemning | fagforeiningskontingent |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.