Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Type arbeidsforhold

Skal du endre type arbeidsforhold

  • Oppdatert: 18.12.2018

Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna.

    Kort om å endre type arbeidsforhold

    Har du ført opp feil type arbeidsforhold og ikkje har fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen ved å sende ei erstatningsmelding eller ved å sende ei ny a-melding.

    Dersom type arbeidsforhold er endra sidan sist a-melding må du følgje måten å endre på som er skildra under send ny a-melding.  

    Har du fått feilmelding (MAGNET/EDAG), sjå feilmeldingar 

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Erstatningsmelding

    Dersom du vel å sende ei erstatningsmelding, må du erstatte alle a-meldingar der du har ført opp feil type arbeidsforhold.

    Ei erstatningsmelding er ei ny, fullstendig a-melding som erstattar heile den tidlegare innsende meldinga.

    For at ei ny melding skal erstatte ei tidlegare melding, må du passe på at den nye meldinga viser til den gamle a-meldinga (meldingsID) og gjeld for same månad.

     

    Ny a-melding

    Dersom du vel å sende ei ny a-melding, er innhaldet i den nye a-meldinga avhengig av kva type arbeidsforhold du byter frå og til. Bruk tabellen nedanfor for å sjå kva alternativ du skal velje.

    Dette gjeld òg når type arbeidsforhold er endra sidan sist a-melding. Du endrar i den neste a-meldinga du skal sende.

     

    Frå Til Alternativ
    Ordinært arbeidsforhold Maritimt arbeidsforhold A
    Ordinært arbeidsforhold  Frilansar, oppdragstakar, honorarpersonar med meir A
    Ordinært arbeidsforhold  Pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold B
    Maritimt arbeidsforhold Ordinært arbeidsforhold A
    Maritimt arbeidsforhold Frilansar, oppdragstakar, honorarpersonar med meir A
    Maritimt arbeidsforhold Pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold B 
    Frilansar, oppdragstakar, honorarpersonar med meir Ordinært arbeidsforhold A
    Frilansar, oppdragstakar, honorarpersonar med meir Maritimt arbeidsforhold  A 
    Frilanser, oppdragstaker, honorarpersoner med mer  Pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold B 
    Pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold Ordinært arbeidsforhold C 
    Pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold Maritimt arbeidsforhold  C 
    Pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold Frilansar, oppdragstakar, honorarpersonar med meir C

     

    Alternativ A

    Når du endrar type arbeidsforhold, må du avslutte det eine arbeidsforholdet og opprette eit nytt med ny arbeidsforholdsID, ny startdato og andre obligatoriske opplysningar knytte til type arbeidsforhold. Dette gjer du i den neste a-meldinga du skal sende.

     

    Døme

    Fatima jobbar for eit oljeselskap. Ho byrja å jobbe hjå dei 3. august og dei oppgav at ho har eit ordinært arbeidsforhold. I november oppdagar dei at dei har gitt feil opplysningar. Fatima har eit maritimt arbeidsforhold.

    A-melding for november

    Inntektsmottakar Fatima
    ArbeidsforholdsID 10
    Type arbeidsforhold ordinært
    Startdato på arbeidsforholdet 3. august
    Sluttdato på arbeidsforholdet 3. august
    Årsak til sluttdato arbeidsforholdet skulle aldri ha vore rapportert
    Stillingsprosent 0

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar som gjeld for ordinære arbeidsforhold (dei same opplysningane som er oppgitt i tidlegare a-meldingar), og alle andre obligatoriske opplysningar for månaden.

    ArbeidsforholdsID 20
    Type arbeidsforhold maritimt
    Startdato på arbeidsforhold 3. august
    Stillingsprosent 100

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

     

    Alternativ B

    Når du endrar type arbeidsforhold til pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold, må du avslutte arbeidsforholdet som er feil. Dette gjer du i den neste a-meldinga du skal sende.

     

    Døme

    Eit pensjonsselskap har oppgitt at William byrja å jobbe hjå dei 5. januar og at han har eit ordinært arbeidsforhold. I mai oppdagar dei at dei har gitt feil opplysningar. William er ikkje i eit arbeidsforhold, han tek berre imot pensjon.

    A-melding for mai

    Inntektsmottakar William
    ArbeidsforholdsID 10
    Type arbeidsforhold ordinært
    Startdato på arbeidsforholdet 5. januar
    Sluttdato på arbeidsforholdet 5. januar
    Årsak til sluttdato arbeidsforholdet skulle aldri ha vore rapportert
    Stillingsprosent 0

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar som gjeld for ordinære arbeidsforhold (dei same opplysningane som er oppgitt i tidlegare a-meldingar), og alle andre obligatoriske opplysningar for månaden.

    Type arbeidsforhold pensjon og andre ytingar utanfor arbeidsforhold

    Dei kan òg la vere å føre opp type arbeidsforhold (gjeld berre for type arbeidsforhold pensjon og andre ytingar utanfor arbeidsforhold).

     

    Alternativ C

    Når du endrar type arbeidsforhold frå pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold til ein annan type arbeidsforhold, må du føre opp eit nytt arbeidsforhold med rett type arbeidsforhold. Dette gjer du i den neste a-meldinga du skal sende.

     

    Døme

    Kari jobbar i eit forsikringsselskap. Dei har oppgitt at Kari tek imot pensjon, og at type arbeidsforhold er pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold. I mars oppdagar dei at dei har gitt feil opplysningar. Kari har eit ordinært arbeidsforhold.

    A-melding for mars

    Inntektsmottakar Kari
    ArbeidsforholdsID 10
    Type arbeidsforhold ordinært
    Startdato på arbeidsforholdet 5. januar

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring