Organisasjonsnummer i offentleg sektor
Kva for organisasjonsnummer du skal bruke for offentleg sektor i a-meldinga.
Kort om organisasjonsnummer for offentleg sektor i a-meldinga
I a-meldinga skal du identifisere den du sender a-melding for, vanlegvis ved å oppgi juridisk organisasjonsnummer. Den som har tilsette, skal òg føre opp organisasjonsnummer for verksemda, også kalla verksemdsnummer.
Offentleg sektor kan i tillegg til juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemda, ha eitt eller fleire organisasjonsledd som òg har eigne organisasjonsnummer.
Kva for nummer du kan bruke for å identifisere den du sender a-meldinga for, og som du fører opp som opplysningspliktig, kjem an på om du sender a-melding frå kommunal eller statleg sektor.
Tilsette skal knytast til organisasjonsnummer for verksemd
For verksemder med tilsette skal alltid dei tilsette knytast til eit organisasjonsnummer for verksemder, ikkje til organisasjonsnummeret som høyrer til organisasjonsforma Stat, Komm, Fylk, organisasjonsledd og ADOS (desse organisasjonsformene finst berre for offentleg sektor). Gjeld både kommunal og statleg sektor.
Har du ikkje organisasjonsnummer for verksemda? Sjå brreg.no og på altinn.no viss du ønskjer meir informasjon og søknadsskjema.
Kommunal sektor
Dersom du sender a-melding frå kommunal sektor skal du bruke juridisk organisasjonsnummer for å identifisere den du sender a-meldinga for (opplysningspliktig). Arbeidsforholda til dei tilsette skal du knyte opp mot organisasjonsnummer for verksemda.
Døme på bruk av organisasjonsnummer
Ein kommune er registrert i Einingsregisteret som vist i figuren ovanfor. Kommunen skal bruke det juridiske organisasjonsnummeret til «Opplysningspliktig – kommune» når dei sender inn a-melding.
Arbeidsforholda til dei tilsette skal knytast til Verksemd A, Verksemd B og Verksemd C med kvart sitt organisasjonsnummer for verksemda. Kommunen skal ikkje føre opp organisasjonsnummeret til «Organisasjonsledd – kommune» i a-meldinga.
Statleg sektor
Sender du a-melding frå statleg sektor kan du bruke organisasjonsnummeret som høyrer til organisasjonsleddet for å identifisere den opplysningspliktige. Arbeidsforholda til dei tilsette skal du knyte opp mot organisasjonsnummer for verksemda.
Døme på bruk av organisasjonsnummer i offentleg sektor
Eit departement er registrert i Einingsregisteret som i modellen ovanfor.
Når direktoratet sender ei eiga a-melding, nyttar dei «Organisasjonsledd-direktorat» som juridisk organisasjonsnummer. Arbeidsforholda til dei tilsette knyter ein opp mot organisasjonsnummer for verksemder A og verksemd B.
Når departementet sender ei eiga a-melding, nyttar det «Opplysningspliktig-departement» som juridisk organisasjonsnummer. Arbeidsforholda til dei tilsette skal knytast opp mot organisasjonsnummer for verksemder C.
Rette feil
Sjå rette feil i juridisk organisasjonsnummer og organisasjonsnummer for verksemder
Sjå òg
Arbeidsforhold ved kommunesamanslåing
Kva brukar vi opplysningane til
Alle opplysningar i a-meldinga er knytte til eit juridisk organisasjonsnummer (eventuelt organisasjonsnummer for organisasjonsledd). Dette nyttar ein når opplysningar i a-meldinga blir distribuert til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten.
Opplysningar om organisasjonsnummer for verksemder, saman med opplysningar om arbeidsforhold, skal overførast til Aa-registeret. Aa-registeret gir ei oversikt over kva for arbeidstakarar som er tilsette i kvar einskild verksemd.
Offentlege myndigheiter som NAV, Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå, Arbeidstilsynet og politietaten nyttar opplysningar frå Aa-registeret til oppgåveløysing og kontroll.
Frå 2023 sluttar a-ordninga å bruke begrepa juridisk organisasjonsnummer og verksemdnummer. Opplysningspliktiges juridiske eining omtales no som hovedeining, og verksemda dei driv omtales som undereining.