Talet på timar per veke for ei full stilling er høgare enn tillate
F235-5 / MAGNET_EDAG-235-5
Kvifor denne feilmeldinga
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling, er for høgt. For arbeidstidsordninga "ikkeSkift" skal ikkje talet på timar for full stilling vere høgare enn 168 timar.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- tasta feil
- oppgitt meir enn 168 timar per veke, fordi du har ført opp timar i full stilling for ein månad
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn arbeidsforhold med arbeidstidsordninga "ikkeSkift" og kontroller om det talet på timar ein har oppgitt per veke for ei full stilling er rett.
- Dersom du har gitt opp feil timetal, rett til riktig verdi på talet på timar per veke for full stilling.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit reklamebyrå sender a-melding for september med opplysningar om Lise. Dei oppgir arbeidstidsordninga "ikkeSkift" og talet på timar per veke for ei full stilling svarar til 170. Timane dei gav opp svara til talet på timar i full stilling for rapporteringsmånaden.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-235-5 fordi talet på timar ei full stilling svarar til, er over 168 timar.
Reklamebyrået endrar timane som ei full stilling svarar til for Lise til: | |
Talet på timar ei full stilling svarar til | 40 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.