Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
F114B / MAGNET_EDAG-114B
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein kode/verdi som ikkje er gyldig i kalendermånaden du sender a-melding for.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt ei gammal lønnsnemning som ikkje lenger er gyldig for perioden du sender a-melding for
- oppgitt ei gammal permisjonsnemning som ikkje lenger er gyldig for perioden du sender a-melding for
Sjå oversikt over permisjonsnemningar på eiga side om permisjon.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn koden/verdien du har brukt som er feil.
- Kontroller kva for kodar/verdiar som er gyldige. Du finn gyldige kodar/verdiar i tilbakemeldinga du har fått. Du kan òg søkje i rettleiinga til a-meldinga for å finne gyldige kodar/verdiar.
- Før opp rett kode/verdi.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme 1 – ugyldig lønnsnemning
Eit teleselskap sender a-melding for mai 2017 og oppgir at Kari har "administrativ forpleiing" som inntekt. Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-114B fordi "administrativ forpleiing" ikkje er ei gyldig lønnsnemning i mai 2017. Lønnsnemninga "administrativ forpleiing" er ein gyldig kode/verdi i perioden 2015-01 til og med 2015-12.
Tilbakemeldinga som inneheld opplysning om denne feilen og ei liste over kva for lønnsnemningar som er gyldige for månaden mai 2017.
Teleselskapet endrar type yting for Kari til: | |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, anna |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Døme 2 – ugyldig permisjonsnemning
Eit konsulentselskap sender a-melding for april 2023 og oppgir at Per har permisjonsnemninga "velferdspermisjon".
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-114B fordi "velferdspermisjon" ikkje er ei gyldig permisjonsnemning i april 2023.
Dei må endre permisjonsnemninga til "Andre lovfesta permisjonar" eller "Andre ikkje-lovfesta permisjonar", avhengig av om velferdspermisjonen er lovfesta, tariffbestemt eller avtalebestemt. Les meir om dette på eiga side om permisjon.
I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.