No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no
Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).
Ugyldig verdi
F114 / MAGNET_EDAG-114
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein kode/verdi som er ugyldig.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- oppgitt ei lønnsnemning som ikkje er gyldig i a-meldinga, til dømes "julebonus"
- oppgitt ei arbeidstidsordning som ikkje er gyldig i a-meldinga, til dømes "nattskift"
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld alvorlege feil eller manglar du må rette opp. A-meldinga har blitt avvist.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Avvising
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn koden/verdien du har brukt som er feil.
- Kontroller kva for kodar/verdiar som er gyldige. Du finn gyldige kodar/verdiar i tilbakemeldinga du har fått. Du kan òg søkje i rettleiinga til a-meldinga for å finne gyldige kodar/verdiar.
- Før opp rett kode/verdi.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit sjukehus sender a-melding for mai og oppgir at Fatima har arbeidstidsordninga "nattskift".
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-114 fordi "nattskift" ikkje er ei gyldig arbeidstidsordning i a-meldinga. Ikkje alle typar skiftordning har ein eigen kode i a-meldinga.
I tilbakemeldinga som inneheld opplysning om denne feilen finst det òg ei liste over kva for arbeidstidsordningar som er gyldige.
Sjukehuset endrar arbeidstidsordning for Fatima til: | |
Arbeidstidsordning | ikkeSkift |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.