OTP - Obligatorisk tenestepensjon
OTP - Obligatorisk tenestepensjon er ei pensjonsordning for dei tilsette i bedrifta di. Du som arbeidsgivar pliktar å betale eit beløp tilsvarande minst to prosent av de tilsette si lønn til pensjonssparing.
Dei fleste arbeidsgivarane i privat sektor må opprette ei pensjonsordning for dei tilsette i bedriftene sine.
Krav til deg som arbeidsgivar
Du må opprette pensjonsordning for dei tilsette i bedrifta di når du oppfyller minst eitt av desse vilkåra:
- Føretaket har minst to tilsette som kvar har arbeidstid og lønn som utgjer 75 prosent eller meir av ei full stilling.
Blomsterbutikken Fiona ANS har to ansvarlege eigarar som kvar har arbeidstid og inntekt frå verksemda som svarar til ei 75 prosent stilling. Dei har òg ein tilsett i ei 20 prosent stilling. Blomsterbutikken fyller vilkåret og er OTP-pliktig.
Dersom blomsterbutikken Fiona ANS har to ansvarlege eigarar, som kvar har arbeidstid og inntekt frå verksemda som svarar til stillingar på 50 prosent, og ein tilsett i ei 50 prosent stilling, fyller dei ikkje vilkåret.
- Føretaket har minst éin tilsett utan eigarinteresser i føretaket og med arbeidstid og lønn som utgjer 75 prosent eller meir av full stilling.
Målarfirmaet Fine Fargar AS har ein tilsett i ei 100 prosent stilling utan eigarinteresser. Fine Fargar AS fyller vilkåret og er OTP-pliktige.
Dersom Fine Fargar AS har ein tilsett i ei 50 prosent stilling, og eigaren sjølv arbeider 100 prosent i firmaet, fyller målarfirmaet ikkje vilkåret.
- Føretaket har tilsette som kvar har arbeidstid og lønn som utgjer 20 prosent eller meir av full stilling, og som til saman utfører arbeid som svarar til minst to årsverk.
Bra Film & Foto AS har 11 tilsette, der fem tilsette har stillingar på 20 prosent, og fire tilsette har stillingar på 50 prosent. To av dei tilsette har begge stillingar på 10 prosent og inngår ikkje i berekninga av antal årsverk, då dei er under grensa på 20 prosent stillingar. Bra Film & Foto AS har dermed til saman tre årsverk og fyller vilkåret for å vere OTP-pliktige.
Dersom Bra Film & Foto AS har åtte tilsette, alle i stillingar på 20 prosent, har dei til saman 1,6 årsverk og fyller ikkje vilkåret.
- Aksjeselskap (AS)
- Allmennaksjeselskap (ASA)
- Ansvarleg selskap (ANS)
- Enkeltpersonføretak (ENK)
- Andre selskapsformer med tilsette
Statlege og kommunale verksemder har ikkje plikt til å opprette pensjonsordning etter OTP-lova.
Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande utan tilsette (innehavar av enkeltpersonføretak eller deltakar i ansvarleg selskap) eller frilansar, vel du sjølv om du vil opprette ei pensjonsordning.
Opprette OTP
Innan seks månader frå plikta oppstår, må du opprette ein avtale om OTP med ei godkjent pensjonsinnretning (bank, livsforsikringsselskap, pensjonskasse, innskotspensjonsføretak eller forvaltningsselskap for verdipapirfond).
Du som arbeidsgivar betaler inn eit beløp for dine tilsette, som utgjer minimum to prosent av lønna deira, til pensjonsordninga. Det er mogleg å avtale ein høgare innskotsprosent eller sats for dei tilsette, innanfor ramma som er sett i pensjonslovene.
Pensjonsordninga må vere lik for alle tilsette. Meir informasjon om utrekning av pensjon kan du få frå pensjonsinnretninga du har avtale med.
Dersom bedrifta di har ei utanlandsk pensjonsordning, kan Finanstilsynet avgjere om pensjonsavtalen oppfyller krava i OTP-lova.
Melde inn tilsette i pensjonsordninga
Viss bedrifta di pliktar å ha pensjonsordning, gjeld pensjonsordninga for tilsette som:
- er pliktige medlemmar av folketrygda
- har fylt 13 år
- har inntekt som overstig grensene for rapporteringspliktig lønn i a-ordninga. Grensa er 1 000 kroner, eller 10 000 kroner om bedrifta di er ein skattefri organisasjon.
Du må melde inn tilsette som har rett på OTP i pensjonsordninga med verknad frå første arbeidsdag.
Rapportere i a-meldinga
Dersom bedrifta di er OTP-pliktig, må du oppgi i a-meldinga kva for pensjonsinnretning du har inngått avtale med. Du må oppgi organisasjonsnummeret til pensjonsinnretninga kvar månad, frå og med den månaden pensjonsavtalen tar til å gjelde. Hugs at du skal rapportere pensjonsinnretning i tillegg til avgiftspliktige tilskot og premiar til pensjon.
Det er viktig at arbeidsforholdsopplysningar er oppdaterte i a-meldinga. Sørg for at start- og sluttdato, stillingsprosent og eventuelle permisjonar til dei tilsette er korrekte.
Når du skal opprette pensjonsordning for dei tilsette i bedrifta di, står du fritt til å velje mellom innskots-, føretaks- eller tenestepensjon.
Innskotspensjon
Innskotspensjon er den vanlegaste pensjonsordninga. I ei innskotsbasert pensjonsordning blir årleg sparing fastsett som ein prosentdel av lønn (minimum 2 prosent). Pensjonsutbetalingane avheng av innbetalingane og avkastninga av desse.
Lov om innskotspensjon i arbeidsforhold
Føretakspensjon
I ei føretakspensjonsordning (også kalla ytingsordning) skal den tilsette vere sikra eit avtalt pensjonsnivå, når ein også tar omsyn til pensjon frå folketrygda. Premien varierer frå år til år, og stig med lønnsutviklinga.
Tenestepensjon
Tenestepensjon er ein kombinasjon av innskots- og føretakspensjon. I oppteningsperioden skal arbeidsgivaren byggje opp medlemmane si pensjonsbehaldning ved årlege innskot i prosent av lønn. Pensjonsbehaldninga sikrar ei fastsett utbetaling frå pensjonsalder.
Dersom du er OTP-pliktig og ikkje opprettar ei pensjonsordning, blir du ved tilsyn pålagt å opprette ein avtale.
Tvangsmulkt
Om pålegget om oppretting ikkje er følgt innan ein fastsett frist, får du tvangsmulkt.
Tvangsmulkta er 250 kroner per tilsett per dag. Mulkta løper fram til du kan dokumentere at pensjonsordninga er oppretta. Viss forholdet blei retta før det blei rapportert inn til oss, kan vi slette mulkta frå den dagen pensjonsordninga blei inngått
Arbeidsgivarar som ikkje oppfyller pliktene sine etter lov om obligatorisk tjenestepensjon når det gjeld å opprette eller betale innskott til tenestepensjon for sine tilsette, kan straffast med bøter eller fengsel i inntil 2 år.
Du kan klage dersom du får pålegg om å opprette pensjonsordning, eller om du får vedtak om tvangsmulkt.
Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du har høve til å be om utsetting av gjennomføringa av vedtaket.
Slik klagar du
Logg deg inn i Altinn
Du må vise til vedtaket/vedtaka du klagar på og grunngi klagen. Klagen bør innehalde kvifor du meiner vedtaket er feil, og du må sende med eventuell dokumentasjon vi treng for å behandle klagen.
Vi vil vurdere saka di på nytt. Dersom vedtaket ikkje blir endra, blir klagen din sendt vidare til behandling i Skattedirektoratet.
Obligatorisk tjenestepensjon (OTP)
Filmen handler om obligatorisk tjenestepensjon, forkortet til OTP. Vi forklarer når du som arbeidsgiver har plikt til å opprette OTP for ansatte, og hvordan du skal rapportere OTP i a-meldingen.