Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
F187 / MAGNET_EDAG-187
Kvifor denne feilmeldinga
Det manglar obligatoriske opplysningar om eit maritimt arbeidsforhold. Gjeld opplysningar om skipsregister, skipstype og fartsområde.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- gløymt å gi opplysningar om skipsregister, skipstype og/eller fartsområde
- oppgitt feil type arbeidsforhold
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for opplysningar som manglar og oppgi riktige opplysningar om det maritime arbeidsforholdet som skipsregister, skipstype og/eller fartsområde.
- Har du ført opp feil type arbeidsforhold må du endre til rett type.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit ferjeselskap sender a-melding for mai med opplysningar om Kari som jobbar på eit skip.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-187 fordi det manglar opplysningar om skipsregister, skipstype og fartsområde på Kari sitt maritime arbeidsforhold.
Ferjeselskapet oppgir desse fartøyopplysningane for Kari: |
|
Skipsregister | NOR |
Skipstype | Turist |
Fartsområde | Innanriks |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.