Opplysningar om arbeidsforhold manglar
F108 / MAGNET_EDAG-108
Kvifor denne feilmeldinga
Den førre månaden gav du opplysningar om eit arbeidsforhold du ikkje har teke med i a-meldinga denne månaden.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- gløymt å oppgi arbeidsforholdet denne månaden
- gløymt å setje sluttdato på eit arbeidsforhold som er avslutta
- oppgitt to arbeidsforhold førre månad på ein tilsett som berre har eitt arbeidsforhold, til dømes at du har sendt a-melding frå lønnssystem og direkte i Altinn (A01)
- oppgitt arbeidsforholdet på ei anna verksemd i førre månad
- retta a-meldinga ein månad tilbake i tid (gjeld til dømes om du har lagt inn opplysningar om startdato for nokon som begynner i august i a-meldinga for mai og ikkje gjort det same i a-meldinga for juni.)
Merk!
Oppgi arbeidsforholdet kvar månad så lenge det er aktivt sjølv om inntektsmottakaren ein månad ikkje har teke imot lønn eller andre ytingar. Det er først når du har oppgitt sluttdato på arbeidsforholdet, og sluttdatoen er passert, at du ikkje skal ta oppatt arbeidsforholdet lenger.
Sjå òg:
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn arbeidsforholdet som manglar i a-meldinga. Gjeld arbeidsforhold der du ikkje har oppgitt sluttdato.
- Før opp arbeidsforhold som manglar, eller før opp sluttdato på arbeidsforholdet dersom den tilsette har slutta.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – gløymt å føre opp arbeidsforholdet
Ein butikk sender a-melding for februar med opplysningar om arbeidsforholdet til Kari. A-meldinga for mars inneheld ikkje desse opplysningane.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-108 fordi opplysningar om arbeidsforholdet til Kari manglar i a-meldinga for mars. Dei har gløymt å oppgi arbeidsforholdet.
A-melding for mars |
|
Inntektsmottakar | Kari |
ArbeidsforholdsID | 20 |
Type arbeidsforhold | ordinært |
Startdato på arbeidsforhold | 1. februar |
Yrkeskode | 5221 126 |
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling | 37,5 |
Stillingsprosent | 100 |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 1. februar |
Dei fører opp same arbeidsforholdsID som tidlegare.
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Døme – gløymt å setje sluttdato på eit arbeidsforhold som er avslutta
Ein butikk sender a-melding for februar med opplysningar om arbeidsforholdet til Per. Han slutta 20. februar 2017, men butikken gløymde å føre opp sluttdatoen. A-meldinga for mars inneheld ikkje arbeidsforholdsopplysningane til Per.
Butikken får feilmeldinga MAGNET_EDAG-108 fordi opplysningar om arbeidsforholdet til Per manglar i a-meldinga for mars. Dei har gløymt å setje sluttdatoen.
A-melding for februar eller mars |
|
Inntektsmottakar | Per |
ArbeidsforholdsID | 30 |
Type arbeidsforhold | ordinært |
Startdato på arbeidsforhold | 1. februar 2010 |
Yrkeskode | 5221 126 |
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling | 37,5 |
Stillingsprosent | 100 |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 1. februar 2015 |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 20. februar 2017 |
Dei fører opp same arbeidsforholdsID som tidlegare.
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Døme – byte av arbeidsstad
Emma jobbar i eit transportselskap som har verksemder i Hamar og Lillehammer. I februar sluttar Emma i jobben i Hamar og byrjar å jobbe i verksemda i Lillehammer.
Transportselskapet får feilmeldinga MAGNET_EDAG-108 fordi opplysningar om arbeidsforholdet til Emma manglar i a-meldinga for Hamar i mars. Dei har gløymt å setje sluttdatoen.
A-melding for februar eller mars |
|
Inntektsmottakar | Emma |
ArbeidsforholdsID | 60 |
Type arbeidsforhold | ordinært |
Startdato på arbeidsforhold | 1. desember 2006 |
Yrkeskode | 4114 105 |
Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling | 37,5 |
Stillingsprosent | 100 |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 1. desember 2006 |
Sluttdato på arbeidsforholdet | 10. februar 2017 |
Dei fører opp same arbeidsforholdsID som tidlegare.
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.