Informasjon for ein person som er rapportert inn med ulike fødselsnummer/D-nummer i same kalendermånad får samla alt på eitt nummer
F175C / MAGNET_EDAG-175C
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt både fødselsnummer og D-nummer på ein inntektsmottakar i den same kalendermånaden.
Dette kjem av at:
- ein arbeidstakar som tidlegare hadde D-nummer no har fått fødselsnummer og du har oppgitt begge nummera i den same a-meldinga
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for å levere a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Du skal ikkje rette
Dette er berre meint som informasjon. Opplysningane du har oppgitt på denne inntektsmottakaren blir oppsummerte og handsama som éin inntektsmottakar.
Døme
Ein bilforhandlar har sendt to a-meldingar for januar. I den eine a-meldinga er Ola oppgitt med D-nummer og i den andre med fødselsnummer.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-175C med informasjon om at opplysningane som er oppgitt for Ola i begge a-meldingane blir oppsummerte og samla på eitt nummer for Ola.
Det er rett at både fødselsnummer og D-nummer tilhøyrer Ola, så bilforhandlaren gjer ingen endringar.