Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
F187-6/ MAGNET_EDAG-187-6
Kvifor denne feilmeldinga
Du har gitt opplysningar om skipsregister, skipstype og/eller fartsområde som berre er obligatoriske for maritime arbeidsforhold.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- gitt for mange opplysningar på eit ordinært arbeidsforhold
- oppgitt feil type arbeidsforhold
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for eit arbeidsforhold du har oppgitt feil informasjon på og oppgi rette opplysningar.
- Har du ført opp feil type arbeidsforhold må du endre til rett type.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ei røyrleggjarbedrift sender a-melding for mai med opplysningar om Kari som har eit ordinært arbeidsforhold med informasjon om skipsregister, skipstype og fartsområde.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-187-6 fordi det er oppgitt overflødige opplysningar på eit ordinært arbeidsforhold.
Røyrleggjarbedrifta fjernar desse overflødige opplysningane på Kari: | ||
Skipsregister | - | (opplysningane er fjerna) |
Skipstype | - | (opplysningane er fjerna) |
Fartsområde | - | (opplysningane er fjerna) |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.