Feriepengar
Gjeld alle kontante ytingar for ferie.
Kort om feriepengar
Før opp kontante ytingar for ferie, uavhengig av korleis du bereknar feriepengane. Gjeld samla feriepengar uavhengig av om utrekninga er basert på prosentsats eller som eit ferietillegg til ordinær fastlønn.
Du skal alltid føre opp feriepengar fullt ut og ikkje redusere for trekk i lønn for ferie.
Ferielova skal sikre at arbeidstakaren får ferie kvart år.
Feriepengane skal sikre at arbeidstakaren ikkje får inntektstap når det er ferie, fordi arbeidstakaren då ikkje har krav på lønn.
Feriepengar som den avlidne har tent opp før dødsfallet, men som blir betalt ut etter dødsfallet, førar du opp som lønn etter dødsfall.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, feriepengar |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Feriepengar skal aldri reduserast, sjølv om du gjer trekk i lønn for ferie. Sjå òg trekk i lønn for ferie.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «feriepengar».
Trekkpliktig
Du skal alltid føre opp ytinga som trekkpliktig i a-meldinga, sjølv om du ikkje utfører forskotstrekk.
Du skal ikkje gjennomføre forskotstrekk for:
- feriepengar som blir utbetalte i ferieåret og som er utrekna etter ferielova
- feriepengar som er utrekna etter tariffavtale så lenge feriepengane ikkje overstig 12,34 prosent av feriepengegrunnlaget
Du skal alltid foreta forskotstrekk i feriepengar dersom arbeidstakar har eit skattekort med 12 månaders trekk, for ekempel eit skattekort med kjeldeskatt på lønn.
Over 60 år
For arbeidstakarar over 60 år med rett til ekstra ferie skal du ikkje gjennomføre forskotstrekk opp til 12,34 prosent. For tillegget på 2,3 prosent, som skal dekkje bortfallet av lønn ved den ekstra ferieveka, skal du gjennomføre forskotstrekk.
Månadslønte
For månadslønte som har hatt lønn hjå arbeidsgivaren i heile oppteningsåret, kan ein i staden gjennomføre trekkfritaket for ei vanleg månadslønn, og i feriepengetillegget.
Er det fritak for trekk i ei månadslønn, omfattar trekkfritaket også:
- verdien av bustad i arbeidsforhold
- fordelen ved å bruke arbeidsgivaren sin bil privat
- verdien av andre løpande naturalytingar
Trekkfritaket gjeld ikkje:
- Akkordoverskot
- Overtidsgodtgjersle
- Liknande tilleggsytingar
Dersom arbeidstakaren berre har vore tilsett ein del av det føregåande året, kan ikkje arbeidsgivaren betale ut ei trekkfri månadslønn.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".
Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Kva inngår i feriepengegrunnlaget
Du skal rekne ut feriepengar av arbeidsvederlaget som er utbetalt i året før (oppteningsåret) ein tek ut ferien.
Desse ytingane inngår i feriepengegrunnlaget:
- vanleg lønn
- bonusar/provisjonar
- overtidsgodtgjersle
- ulempe- og smusstillegg
- skift- og akkordtillegg
- sjukepengar som er utbetalt i arbeidsgivarperioden og sjukepengar inntil 10 dagar betalt av arbeidsgivaren ved barn eller barnepassar sin sjukdom (omsorgspengar)
- heilt eller delvis fri kost (naturalyting)
Desse ytingane inngår ikkje i feriepengegrunnlaget:
- utgiftsgodtgjersler (bilhald, kost, losji)
- utbetalte feriepengar
- utdanningsstipend
- del av nettoutbytte/overskot
- fast godtgjersle som blir opptent og utbetalt uavhengig av fråvær på ferie (pensjonsinnskot, forsikringspremiar)
- naturalyting (fri bil, fri telefon, rimeleg lån, fri bustad osv. – men fri kost inngår, jf. ovanfor)
- styrehonorar o.a.
Feriepengetillegget
I staden for å avrekne alle feriepengane i éin månad, kan du betale ut feriepengane etter kvart som ferien blir teken ut. Den delen av feriepengane som overstig vanleg lønn i ferien, kan du utbetale som eit feriepengetillegg saman med vanleg lønn i juni etter føresegnene i ferielova.
Talet på feriedagar
Etter ferielova
Arbeidstakaren har rett til 25 yrkedagar ferie/fritid kvart år. Ein arbeidstakar som fyller 60 år i løpet av ferieåret, har rett til 6 dagar ekstra ferie, altså totalt 31 yrkedagar.
Etter tariffavtale
Arbeidstakarar som kjem inn under ein tariffavtale innanfor LO/NHO-området, statleg eller kommunal sektor eller andre mindre tariffområde, har fått utvida feriefritid til fem veker (30 yrkedagar) og seks veker for arbeidstakarar over 60 år (36 yrkedagar). Laurdag blir rekna som yrkedag.
Oversikt
Under 60 år | Over 60 år | |||
ferielov | tariffavtale | ferielov | tariffavtale | |
5-dagarsveke | 21 dagar | 25 dagar | 26 dagar | 30 dagar |
6-dagarsveke | 25 dagar | 30 dagar | 31 dagar | 36 dagar |
Sats for utrekning av feriepengar | 10,2 % | 12 % | tillegg 2,3 % inntil 6G (totalt 12,5 %) | tillegg 2,3 % inntil 6G (totalt 14,3 %) |
Forskotstrekk | trekkfritt | trekkfritt | tillegget er trekkpliktig | tillegget er trekkpliktig |
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot. For å kunne få eit korrekt grunnlag for ytingane i NAV, er det nødvendig å skilje ut feriepengar.
Skatteetaten nyttar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk