Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig
F200 / MAGNET_EDAG-200
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ei lønn eller anna yting som er ugyldig.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt ei lønnsnemning som ikkje er gyldig (lenger)
- gløymt å oppgi tilleggsopplysningar om lønna eller ytinga (t.d. kor mange)
- oppgitt tilleggsopplysningar som ikkje skal knytast til den lønna eller ytinga du har oppgitt
- oppgitt feil opplysning om trekkplikt eller avgiftsplikt
Merk!
Kontrollen kan ikkje avdekkje nøyaktig kva som er feil eller manglar, men gir beskjed om at kombinasjonen av opplysningar om lønna eller ytinga ikkje er gyldig.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Finn ut kva for ei lønn eller anna yting som er feil. Endre til ein gyldig kombinasjon for den lønna eller ytinga du oppgir. Er du usikker på kva for kombinasjonar du kan bruke, kan du sjå utfyllande informasjon om lønn og andre ytingar, eller kontakt systemleverandøren din for å få hjelp til å forstå kva som er feil.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein butikk sender a-melding med opplysningar om timelønn for Lise på 10 000 kroner, utan å føre opp talet på timar.
Dei får tilbakemeldinga MAGNET_EDAG-200 fordi ein alltid skal føre opp talet på timar for timelønn.
Butikken fører opp talet på timar som ligg til grunn for timelønna til Lise. | |
Talet på timar | 20 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.