Trekk i lønn for ferie
Gjeld trekk i lønn for ferie om du avreknar feriepengar samla eller løpande.
Kort om trekk i lønn for ferie
Før opp trekk i lønn for ferie når du avreknar alle feriepengane samla i ein månad og utfører trekk i lønn.
Du kan òg føre opp trekk i lønn for ferie når:
- du betaler ut feriepengar løpande etter kvar som ferien blir teken ut og utfører trekk i lønna for ferien som blir teken ut
- arbeidstakaren avviklar ferie, men ikkje har tent opp feriepengar og du utfører trekk i lønna
Mange arbeidsgivarar avreknar feriepengane samla i mai eller juni og trekkjer arbeidstakaren i lønn for alle feriedagane slik at dei kan betale ut vanleg lønn resten av året.
Tariffesta ferie
For arbeidstakarar som har tariffesta ferie er det slik at lønna i ferien overstig månadslønna. Ved seksdagarsveke og fem veker ferie, må ein arbeidsgivar som avreknar feriepengane samla trekkje lønn for 30 yrkedagar, medan månadslønna dekkjer 26 yrkedagar.
Femdagarsveke
Ved 5-dagarsveke og fem veker ferie, må arbeidsgivaren trekkje lønn for 25 yrkedagar, medan månadslønna dekkjer 22 yrkedagar. Slike trekk i lønn for ferie skal ikkje rapporterast som negativ fastlønn, og samla feriepengar skal heller ikkje reduserast med slike trekk. Slike trekk i lønn for ferie skal difor rapporterast her.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | - x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, trekk i lønn for ferie |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: | dersom aktuelt |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Beløpet du skal føre opp i «trekk lønn for ferie» er negativt og skal berre nyttast i kombinasjon med eit positivt beløp i fastlønn (eller kompensasjonstillegg bustad dersom trekket også blir utført i dette).
Du kan berre føre opp eit positivt beløp for «trekk i lønn for ferie» dersom du skal rette opp i ei tidlegare a-melding. Sjå «rette feil».
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «trekk i lønn for ferie».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Dette er fordi det rapporterte beløpet blir nytta til å redusere den oppgitte fastlønna (eller kompensasjonstillegg bustad) og må difor ha dei same opplysningane på trekkplikt som fastlønna.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Ytinga skal inngå i arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget og reduserer arbeidsgivaravgifta som er rekna av fastlønn (eller kompensasjonstillegg bustad) som trekket skal avreknast mot.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".
Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.
Dersom fastlønna er oppgitt med ein særskilt skatte- og avgiftsregel, skal ein føre opp den same skatte- og avgiftsregelen for trekket. Feriepengar kan ha ein annan skatte- og avgiftsregel enn trekket og fastlønna.
Tilleggsinformasjon
Dersom det er knytt tilleggsinformasjon til fastlønn, skal du føre opp den same tilleggsinformasjonen for trekket. Dette for å sikre rett handsaming av ytinga hjå NAV, SSB og Skatteetaten.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Korleis du reknar feriedagar
Oversikta viser kor mange dagar ferie arbeidstakarar i dei ulike ordningane har krav på og kor mange yrkedagar det gjennomsnittleg er i ein kalendermånad.
Under 60 år | Over 60 år | ||||
Talet på yrkedagar per månad | ferielov | tariffavtale | ferielov | tariffavtale | |
5-dagarsveke | 22 (21,67) dagar | 21 dagar | 25 dagar | 26 dagar | 30 dagar |
6-dagarsveke | 26 dagar | 25 dagar | 30 dagar | 31 dagar | 36 dagar |
Talet på yrkedagar i ein månad
Etter ferielova har éi veke 6 yrkedagar (inkl. laurdagar).
6 yrkedagar per veke * 52 veker = 312 yrkedagar per år
312 yrkedagar per år / 12 månader = 26 yrkedagar per månad i gjennomsnitt
For arbeidsgivarar som reknar med 5 yrkedagar per veke
5 yrkedagar per veke * 52 veker = 260 yrkedagar per år
260 yrkedagar per år / 12 månader = 21,67 yrkedagar per månad (avrunda til 22 yrkedagar)
Ulike måtar å avrekne feriepengar på
Døme på ulike måtar å avrekne feriepengar på og kva du skal føre opp i a-meldinga.
Gjeld når du avreknar alle feriepengane i éin månad, uavhengig av når ein faktisk tek ut ferien. Dei fleste arbeidsgivarar som betaler ut fastlønn/månadslønn, avreknar feriepengar på denne måten.
Samstundes med at feriepengane blir utbetalte skal du då trekkje i lønn for ferie. Dette gjer du for at den tilsette skal få utbetalt vanleg fastlønn løpande, uavhengig av når ferien faktisk blir avvikla.
For tilsette som har tariffesta ferie er det slik at lønna i ferien overstig månadslønna.
Ved 6-dagarsveke og fem veker ferie, må du samla trekkje lønn for 30 yrkedagar, medan månadslønna dekkjer 26 yrkedagar.
Ved 5-dagarsveke og fem veker ferie, må du trekkje lønn for 25 yrkedagar, medan månadslønna dekkjer 22 yrkedagar.
Døme
Lønnsslipp for juni | ||
Fastlønn | 30 000 | |
Feriepengar i ferieåret | 48 000 | |
Ferietrekk (25/22) | - | 34 000 |
Netto utbetalt | 44 000 |
A-melding for juni | ||
Kontantyting, fastlønn | 30 000 | |
Kontantyting, feriepengar | 48 000 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 34 000 |
Ved særskilde skatte- og avgiftsreglar
Dersom den tilsette kjem inn under ein særskild skatte- og avgiftsregel, må du oppgi denne for all lønn og andre ytingar.
Døme med særskilt frådrag for sjøfolk
A-melding for juni | |||
Type lønn eller yting | Skatte- og avgiftsregel | Beløp | |
Kontantyting, fastlønn | Særskilt frådrag for sjøfolk | 30 000 | |
Kontantyting, feriepengar | Særskilt frådrag for sjøfolk | 48 000 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | Særskilt frådrag for sjøfolk | - | 34 000 |
Døme med Svalbard
Feriepengar av lønn som er skattlagd på Svalbard, er skattepliktig til Svalbard. Ein må difor føre opp feriepengane med skatte- og avgiftsregel Svalbard.
Dersom den tilsette ikkje lenger oppheld seg på Svalbard, skal vanleg fastlønn og trekk i lønn for ferie ikkje ha særskild skatte- og avgiftsregel.
A-melding for juni |
|||
Type lønn eller yting | Skatte- og avgiftsregel | Beløp | |
Kontantyting, fastlønn | 30 000 | ||
Kontantyting, feriepengar | Svalbard | 48 000 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 34 000 |
Gjeld når du betaler ut berre feriepengar i juni, uavhengig av når du tek ut ferien. Den tilsette blir trekt for dei feriedagane som ikkje kan avviklast i juni, slik at fastlønna kan utbetalast som normalt dei andre kalendermånadene.
Døme
Lønnsslipp for juni | ||
Feriepengar i ferieåret | 48 000 | |
Ferietrekk (trekk i lønn for ferie 3/22) | - | 4 000 |
Netto utbetalt | 44 000 |
A-melding for juni | ||
Kontantyting, feriepengar | 48 000 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 4 000 |
Gjeld når du i staden for å avrekne alle feriepengane i éin månad, betaler ut feriepengane etter kvart som ferien blir teken ut. Du kan likevel betale ut den delen av feriepengane som overstig vanleg lønn i ferien, som eit feriepengetillegg saman med vanleg lønn i juni etter føresegnene i ferielova.
Døme
Arbeidsgivaren til Noah betaler ut feriepengetillegg i juni. Noah har fastlønn/månadslønn.
Lønnsslipp for juni | |
Fastlønn | 30 000 |
Feriepengar i ferieåret | 14 000 |
Netto utbetalt | 44 000 |
A-melding for juni | |
Kontantyting, fastlønn | 30 000 |
Kontantyting, feriepengar | 14 000 |
Noah tek ut 3 veker ferie (15 dagar) i juli.
Lønnsslipp for juli | ||
Fastlønn | 30 000 | |
Feriepengar i ferieåret | 20 500 | |
Ferietrekk (trekk i lønn for ferie 15/22) | - | 20 500 |
Netto utbetalt | 30 000 |
A-melding for juli | ||
Kontantyting, fastlønn | 30 000 | |
Kontantyting, feriepengar | 20 500 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 20 500 |
Døme
Anna tek ut 3 veker ferie (15 dagar) i juni. Ho har fastlønn/månadslønn.
Lønnsslipp for juli | ||
Fastlønn | 30 000 | |
Feriepengar i ferieåret | 28 800 | |
Ferietrekk (trekk i lønn for ferie 15/22) | - | 20 500 |
Netto utbetalt | 38 300 |
A-melding for juli | ||
Kontantyting, fastlønn | 30 000 | |
Kontantyting, feriepengar | 28 800 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 20 500 |
Døme
Jacob tek ut 1 veke ferie (5 dagar) i november. Han har ikkje tent opp feriepengar. Jacob har fastlønn/månadslønn.
Lønnsslipp for november | ||
Fastlønn | 30 000 | |
Ferietrekk (trekk i lønn for ferie 5/22) | - | 6 800 |
Netto utbetalt | 23 200 |
A-melding for november | ||
Kontantyting, fastlønn | 30 000 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 6 800 |
Døme
William skal slutte i jobben 30. april. Han har teke ut fem dagar ferie i perioden frå januar til april. Arbeidsgivaren avreknar vanlegvis feriepengar i juni etter tariffavtale. Ettersom William sluttar, blir dei avvikla feriedagane trekte frå sluttoppgjeret (berre feriepengar) som dei utbetaler i mai.
Lønnsslipp for januar til april | |
Fastlønn | 30 000 |
A-melding for januar til april | |
Kontantyting, fastlønn | 30 000 |
Lønnsslipp for mai | ||
Feriepengar i ferieåret | 48 000 | |
Ferietrekk (trekk i lønn for ferie 5/22) | - | 6 800 |
Netto utbetalt | 41 200 |
A-melding for mai | ||
Kontantyting, feriepengar | 48 000 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 6 800 |
Gjeld når den tilsette har teke ut ferie utan feriepengar, du har trekt den tilsette i lønn og arbeidsforholdet opphøyrer.
Døme
Emma skal slutte i jobben 31. mai. Ho har teke ut tre feriedagar i perioden frå mars til mai og har ikkje opptent feriepengar.
Arbeidsgivaren gjer trekk i lønn for ferie i sluttoppgjeret, som blir utbetalt i juni. Sluttoppgjeret til Emma inkluderer overtidstillegg og variable vakttillegg ho har til gode.
Lønnsslipp for mars til mai | |
Fastlønn | 30 000 |
A-melding for mars til mai | |
Kontantyting, fastlønn | 30 000 |
Lønnsslipp for juni | ||
Overtidsgodtgjersle, 15 timar | 2 500 | |
Vakttillegg | 4 500 | |
Ferietrekk (trekk i lønn for ferie 3/22) | - | 4 000 |
Netto utbetalt | 3 000 |
A-melding for juni | ||
Kontantyting, overtidsgodtgjersle | 2 500 | |
Kontantyting, uregelrett tillegg knytt til arbeidd tid | 4 500 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 4 000 |
Gjeld når du avreknar feriepengar samla og berre trekkjer i faste ytingar.
I utgangspunktet blir full ferietid avrekna i juni. Bedrifta sin avtale og praksis er at ferietrekk som ikkje kan motreknast i faste ytingar i juni, skal gjerast opp i neste lønnsperiode juli. Trekk i lønn for tre dagar blir overført til juli.
Døme
Lønnsslipp for juni | ||
Fastlønn | 30 000 | |
Feriepengar i ferieåret | 48 000 | |
Ferietrekk (trekk i lønn for ferie 22/22) | - | 30 000 |
Netto utbetalt | 48 000 |
A-melding for juni | ||
Kontantyting, fastlønn | 30 000 | |
Kontantyting, feriepengar | 48 000 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 30 000 |
Lønnsslipp for juli | ||
Fastlønn | 30 000 | |
Ferietrekk (trekk i lønn for ferie 3/22) | - | 4 000 |
Netto utbetalt | 26 000 |
A-melding for juli | ||
Kontantyting, fastlønn | 30 000 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 4 000 |
Døme
Fatima sluttar i jobben 31. august 2017. Arbeidsgivaren har trekt i lønn for feriedagar som ikkje er avvikla i 2016 (5 dagar) og 2017 (25 dagar), til saman 30 dagar.
Lønnsslipp for juni | ||
Fastlønn | 30 000 | |
Feriepengar i ferieåret | 48 000 | |
Ferietrekk (trekk i lønn for ferie 25/22) | - | 34 000 |
Netto utbetalt | 44 000 |
A-melding for juni | ||
Kontantyting, fastlønn | 30 000 | |
Kontantyting, feriepengar | 48 000 | |
Kontantyting, trekk i lønn for ferie | - | 34 000 |
I september betaler arbeidsgivaren ut sluttoppgjer, og Fatima får utbetalt fastlønn for feriedagar ho ikkje har teke ut, men som tidlegare er trekte i lønn. 5 dagar for 1016 og 25 dagar for 2017.
Lønna som arbeidsgivaren betaler ut skal ikkje førast opp i september som trekk i lønn for ferie med positivt beløp. Dette hadde gitt feil i oppsummerte opplysningar for året.
Lønnsslipp for september | |
Fastlønn (til gode 30 dagar) | 41 000 |
A-melding for september | |
Kontantyting, fastlønn | 41 000 |
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot. NAV treng opplysningar om brutto feriepengar og brutto arbeidsinntekt som inngår i grunnlaget når dei skal rekne ut ytingar. I tilfelle der feriepengane blir avrekna samla må ein føre opp trekket i lønn for ferie for at arbeidsinntekta skal bli rett for 12 månader.
Skatteetaten treng opplysningar om brutto utbetalt arbeidsinntekt for å fastsetje riktig skatt. Skil ikkje mellom feriepengar og anna arbeidsinntekt. Trekk i lønn for ferie reduserer fastlønna når ein summerer arbeidsinntekta som skal takast med på skattemeldinga.
SSB har trong for ei einsarta rapportering. Like ytingar skal rapporterast likt. Difor skal ein ikkje rapportere fastlønn eller andre inntekter med negative beløp når det blir utført trekk i lønn for ferie. Nemninga trekk i lønn for ferie medverkar til ei einsarta rapportering.
Aktuelt regelverk