A-melding – Direkte levering
For deg som ikkje har lønnssystem og skal levere a-melding (tidlegare A01 i Altinn).
Om denne a-meldingen
Her finn du ei steg-for-steg rettleiing for direkte levering av a-meldinga.
Sjå også rettleiinga til a-meldinga.
Du kan levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no viss du ikkje har lønnssystem.
Bruk denne a-meldinga for å gi opplysningar om arbeidsforhold, lønn, ytingar, forskotstrekk og utleggstrekk til dei tilsette, i tillegg til arbeidsgivaravgift.
Denne a-meldinga har desse avgrensingane:
- berre éi a-melding per undereining
- kan ikkje brukast av offentlege etatar
Når du leverer a-meldinga direkte, er det alltid den siste a-meldinga som er sendt for månaden som gjeld for den undereininga du leverer a-meldinga for. Det vil seie at når du rettar feil eller manglar, vil den nye a-meldinga erstatte førre a-melding for månaden.
Direkte registrering på skatteetaten.no erstattar ikkje a-meldingar som tidlegare er sende frå Altinn (A01) eller lønnssystem. Du kan derfor ikkje sende a-meldingar direkte på skatteetaten.no for å rette feil eller manglar i a-meldingar sende frå Altinn eller lønnssystem.
Få hjelp til å finne riktig teneste for rapportering av opplysningar
For å levere a-meldinga treng du ein av desse tilgangane i Altinn:
- utfyllar/innsendar
- rekneskapsførar med signeringsrett
- rekneskapsførar utan signeringsrett
- rekneskapsførar lønn
- ansvarleg revisor
- revisormedarbeidar
- kontaktperson NUF
Du finn informasjon om altinn-rollene på altinn.
Oppdrag som blir uførte i Noreg eller på norsk sokkel av eit utanlandsk selskap eller ein utanlandsk sjølvstendig næringsdrivande, skal registrerast i Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret.
Dersom de har betalt lønn skal de gi opplysningar om dette i a-meldinga. Du kan lese meir om dette i rettleiinga til a-meldinga.
Fristen for å levere a-meldinga er den 5. i kvar månad. Dersom den 5. er helg eller helgedag, er fristen første påfølgjande kvardag.
Hugs å rapportere status på arbeidsforhold kvar månad. Dette skal du rapportere sjølv om du ikkje betaler ut lønn.
Les meir om fristar og betaling i a-meldinga.
Kvar gong du sender a-meldinga gjer vi ein automatisk kontroll av ho og du får ei tilbakemelding.
Tilbakemeldinga gir ei oversikt over opplysningar du har sendt inn, og om a-meldinga inneheld feil som du må rette. Ho inneheld òg informasjon om betaling av arbeidsgivaravgift og forskottstrekk, kontonummer og KID-nummer.
Viss du har plikt til å levere a-melding, men ikkje leverer a-meldinga eller leverer ho med feil, kan du få tvangsmulkt.
Feil eller manglar i opplysningar du sender i a-meldinga kan få konsekvenser for dine tilsette. Det kan gi feil i skattemeldinga eller feil i utbetalingar frå NAV. Det er derfor viktig at du sender riktige opplysningar innan fristen for månaden.
Hugs å rapportere status på arbeidsforhold kvar månad, sjølv om du ikkje utbetaler lønn.