Ulogisk start- og/eller sluttdato på arbeidsforholdet
F256 / MAGNET_EDAG-256
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt start- og sluttdato for eit arbeidsforhold langt fram eller tilbake i tid.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt ein startdato på arbeidsforholdet som er før 1. januar 1960
- oppgitt ein startdato på arbeidsforholdet som er meir enn 1 år fram i tid
- oppgitt ein sluttdato på arbeidsforholdet som er etter 31. desember 2029
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller om du har ført opp rett start- og sluttdato på arbeidsforholdet.
- Dersom datoen er feil, må du endre til rett dato.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit transportfirma sender a-melding for mai med opplysningar om arbeidsforholdet til Ola. Dei oppgir startdatoen 1. januar 1956 på arbeidsforholdet.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-256 fordi startdatoen er før 1. januar 1960. Ola starta 1. januar 1996.
Transportfirmaet endrar startdato på arbeidsforholdet for Ola til: | |
Startdato på arbeidsforhold | 1. januar 1996 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.