Ulogisk periode for arbeidsforhold
F128 / MAGNET_EDAG-128
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein startdato på eit arbeidsforhold som er etter sluttdatoen.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- oppgitt feil startdato på eit arbeidsforhold
- oppgitt feil sluttdato på eit arbeidsforhold
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller start- og sluttdatoen du har oppgitt, og endre slik at startdatoen kjem før sluttdatoen.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit advokatfirma sender a-melding for desember med opplysningar om arbeidsforholdet til Ola. Dei oppgir startdatoen 1. januar 2020 og sluttdatoen 31. desember 2017.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-128 fordi sluttdatoen er før startdatoen.
Advokatfirmaet endrar startdato på arbeidsforholdet for Kari til: | |
Startdato på arbeidsforholdet | 1. januar 2017 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.