Feil i forskotstrekk
F173 / MAGNET_EDAG-173
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein sum på forskotstrekk å betale som er forskjellig frå summen av forskotstrekk på alle inntektsmottakarane.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- gjort utbetalingar til inntektsmottakarar som har slutta utan å ta det med i a-meldinga
- gløymt å oppgi forskotstrekkopplysningar på einskilde inntektsmottakarar
- brukt feil forteikn på forskotstrekket (positivt/negativt beløp). Sum forskotstrekk å betale skal vere eit positivt beløp, forskotstrekket til ein inntektsmottakar skal vere eit negativt beløp
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller beløpa for forskotstrekk å betale og forskotstrekk på inntektsmottakarane, og endre slik at sum forskotstrekk å betale er lik summen av dei einskilde forskotstrekka du har oppgitt per inntektsmottakar.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Viss du har sendt fleire a-meldingar for månaden, kan det vere lurt å ta ut ein avstemmingsinformasjon. Då får du oversikt over kva som er sendt inn totalt for månaden, også per inntektsmottakar.
Døme 1 – gløymt å oppgi eit forskotstrekk
Ein butikk har sendt a-melding for mai med opplysningar om at Per har eit forskotstrekk på - 4 000 kroner og Ola eit på - 5 000 kroner. Dei gløymde å føre opp forskotstrekk på kr - 1 000 kroner for Kari. Totalt er det oppgitt at butikken skal betale 10 000 kroner i sum forskotstrekk å betale.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-173 fordi sum å betale er 1 000 kroner meir enn summen av forskotstrekket til Per og Ola.
Butikken sender a-melding med det manglande forskotstrekket til Kari slik at total sum for forskotstrekk på inntektsmottakarane stemmer med sum forskotstrekk å betale. | |
Forskotstrekk til Kari | - 1 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt sum forskotstrekk på Per, Ola og Kari på - 10 000 kroner (- 4 000, - 5 000 og - 1 000) og sum forskotstrekk å betale 10 000 kroner.
Døme 2 – brukt feil forteikn
Eit arkitektbyrå har sendt inn a-melding for mai med opplysningar om at Kari har eit forskotstrekk på 5 000 kroner og Lise eit på 3 000 kroner. Totalt er det oppgitt at byrået skal betale 8 000 kroner i sum forskotstrekk å betale.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-173 fordi sum å betale er ulik summen av forskotstrekket til Kari og Lise. Byrået har brukt feil forteikn på forskotstrekket til Kari og Lise
Byrået sender ei a-melding og justerer forskotstrekket til Kari og Lise slik at total sum for forskotstrekk på inntektsmottakarane stemmer med sum forskotstrekk å betale. |
|
Forskotstrekk til Kari | - 10 000 |
Forskotstrekk til Lise | - 6 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt sum forskotstrekk på Kari og Lisa på - 8 000 kroner (5 000 + 3 000 - 10 000 – 6 000) og sum forskotstrekk å betale 8 000 kroner.
Døme 3 – trekt for mykje
Eit bakeri har sendt inn a-melding for mai med opplysningar om at Kari har eit forskotstrekk - 5 000. Totalt er det oppgitt at bakeriet skal betale 8 000 kroner i sum forskotstrekk å betale. Dei oppdagar at dei har oppgitt for mykje i sum forskotstrekk å betale.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-173 fordi sum å betale er ulik forskotstrekket til Kari.
Bakeriet sender ei a-melding og justerer sum forskotstrekk å betale. | |
Sum forskotstrekk å betale | - 3 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt forskotstrekk på Kari - 5 000 og sum forskotstrekk å betale 5 000 kroner (8 000-3 000).