Oppgitt forskotstrekk å betale er feil
F277 / MAGNET_EDAG-277
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt eit negativt beløp i totalt forskotstrekk å betale for månaden.
Feilmeldinga kan komme av at du har:
- brukt feil forteikn på beløpet du har oppgitt på sum forskotstrekk å betale. Forskotstrekket å betale for ein månad skal vere eit positivt beløp eller 0.
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Endr forskotstrekk å betale for månaden til eit positivt beløp. Beløpet skal vere summen av alle forskotstrekk for alle inntektsmottakarane for den same månaden, men med positivt forteikn.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, må du ta kontakt med systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Viss du har sendt fleire a-meldingar for månaden, kan det vere lurt å ta ut ein avstemmingsinformasjon. Då får du oversikt over kva som er sendt inn totalt for månaden, også per inntektsmottakar.
Døme
Ein butikk sender a-melding for februar. Det er oppgitt at butikken totalt for februar skal betale -10 000 kroner i sum forskotstrekk (negativt beløp).
Dei får feilmelding MAGNET_EDAG-277 fordi det oppgitte beløpet å betale er negativt.
Butikken sender ei a-melding og justerer sum forskotstrekk å betale: | |
Sum forskotstrekk å betale | 20 000 |
I tillegg oppgir dei alle andre obligatoriske opplysingar.
Totalt for februar har dei no oppgitt 10 000 (-10 000 + 20 000) i sum forskotstrekk å betale.