Ugyldig kombinasjon av inntekt og forskottstrekk på Jan Mayen og bilanda
F514 / MAGNET_EDAG-514
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein ugyldig kombinasjon av inntekt og forskottstrekk. Inntekt som er opptent på Jan Mayen, skal du oppgi med særskild skatte- og avgiftsregel for Jan Mayen og bilanda.
Forskottstrekk som gjeld trekt skatt og trygdeavgift til Jan Mayen og bilanda, skal du oppgi med både nemningane «Betalt trygdeavgift til Jan Mayen» og «Jan Mayen og bilanda».
Feilmeldinga kan til dømes komme av at du har
- oppgitt inntekta med skatte- og avgiftsregel Jan Mayen og bilanda, men ikkje oppgitt forskotsttrekksnemningane «Betalt trygdeavgift til Jan Mayen» og/eller «Jan Mayen og bilanda»
eller
- oppgitt forskotstrekksnemninga «Betalt trygdeavgift til Jan Mayen» og/eller «Jan Mayen og bilanda», men ikkje oppgitt inntekta med skatte- og avgiftsregelen Jan Mayen og bilanda
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikt over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
Du må rette a-meldinga for den kalendermånaden som inneheld feil.
- Du kan rette opp ved å sende ei erstatningsmelding med riktig beløp, riktige nemningar og skatte- og avgiftsregel.
- Du kan også rette ved å levere ei ny a-melding. Oppgi beløpet med motsett forteikn og same skildringar eller skatte- og avgiftsregel som i den opphavlege a-meldinga. Oppgi så beløpet på nytt med riktig forteikn, riktig nemning og skatte- og avgiftsregel.
- Lever a-meldinga når du har retta feilen. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit selskap har éin arbeidstakar på Jan Mayen og bilanda.
Arbeidstakaren blir skattlagd etter Jan Mayen-skattelova.
Selskapet sender a-melding for juni og oppgir følgjande:
Fordel/Forskotstrekk | Skildring | Skatte- og avgiftsregel | Beløp |
Kontantyting | Feriepengar | Jan Mayen og bilanda | 60 000 |
Forskotstrekk | <tom> | 9 480 |
Selskapet rapporterer feriepengar med skatte- og avgiftsregel Jan Mayen og bilanda, men oppgir verken forskottstrekk med nemninga «Betalt trygdeavgift til Jan Mayen» eller «Jan Mayen og bilanda». Dette fører til at forskottstrekket blir tilordna fastlandet.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-514. Dette er ein ugyldig kombinasjon av inntekt, betalt trygdeavgift og forskottstrekk.
Selskapet retter forskuddstrekket for den kalendermåneden det ble rapportert feil med erstatningsmelding. Forskuddstrekket oppgis med beskrivelse "betalt trygdeavgift til Jan Mayen" og "Jan Mayen og bilandene".
Fordel/ |
Nemning | Skatte- og avgiftsregel | Beløp |
Kontantyting | Feriepengar | Jan Mayen og bilanda | 60 000 |
Forskotstrekk | Jan Mayen og bilanda | 4 800 | |
Forskotstrekk | Betalt trygdeavgift til Jan Mayen | 4 800 |