Kven må levere a-melding

Alle som har tilsette, eller betaler ut lønn, pensjon eller andre ytingar, skal levere a-melding.

Kven har opplysningsplikt og må levere a-melding

Dersom du har tilsette, eller betaler ut lønn, pensjonar eller andre ytingar, har du opplysningsplikt i a-ordninga og skal levere a-melding.

Opplysningsplikta gjeld plikt til å gi opplysningar om arbeidsforhold, lønn og andre ytingar, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift og finansskatt på lønn. Du må rapportere arbeidsforholdet kvar månad til og med den månaden den ansatte sluttar. Det må du óg gjere i månader den ansatte ikkje har fått utbetalt lønn.

 

Beløpsgrensa er 1 000 kroner

  • Er lønnsutbetalingane over 1 000 kroner til ein person per år, skal du føre opp dette i a-meldinga.
  • Er lønnsutbetalingane 1 000 kroner eller under til ein person per år, skal du ikkje føre opp dette.

For å finne ut om du er under eller over beløpsgrensa, må du sjå både kva lønn og trekkpliktige utgiftsgodtgjersler utgjer kvar for seg og kva det utgjer samla. Lønn er i denne samanhengen alle trekkpliktige godtgjersler og skattepliktige naturalytingar som er arbeidsvederlag.

  • Er lønna under 1 000 kroner og utgiftsgodtgjersla under 1 000 kroner, må du ikkje gi opplysningar om dette.
  • Er lønna over 1 000 kroner, må du gi opplysningar om både lønn og ei eventuell utgiftsgodtgjersle.
  • Er lønna under 1 000 kroner og utgiftsgodtgjersla over 1 000 kroner, må du gi opplysningar om utgiftsgodtgjersla.

Dersom du har nådd beløpsgrensa, skal du gi opplysningar om både arbeidsforholdet og lønnsutbetalingane i a-meldinga.

Du skal levere a-melding frå og med den månaden beløpsgrensa er overskriden og så lenge du har utbetalingar eller arbeidsforhold. Det er først når du ikkje har utbetalingar og set ein sluttdato på arbeidsforholda, at du ikkje skal levere a-melding lenger.

 

Enkeltpersonføretak

Dersom du har eit enkeltpersonføretak som har tilsette, skal du levere a-melding kvar månad til og med den månaden arbeidsforholda blir avslutta.

Innehavar og ektefellen skal ikkje handsamast som tilsette, og utbetalingar og arbeidsforhold skal ikkje rapporterast i a-melding. For sambuarar er regelen annleis. Ein sambuar som arbeider i enkeltpersonføretaket må tilsettast.

Ved utbetaling til personar som ikkje er tilsette, til dømes honorar til frilansarar eller oppdragstakarar som ikkje er sjølvstendig næringsdrivande, skal det rapporterast i a-melding dei månadene der det finst utbetalingar. I desse tilfella nyttar du arbeidsforholdstypen "Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorarar". Arbeidsforhold av denne typen skal ikkje registrerast i Aa-registeret. Du treng då berre å rapportere a-melding i dei månadene der det finst ei utbetaling til frilansar, oppdragstakar og personar med honorar.

 

Dagleg leiar som ikkje tek ut lønn

Er du oppført i Einingsregisteret som dagleg leiar utan at du har andre oppgåver i bedrifta, skal det i dei fleste tilfella ikkje rapporterast noko arbeidsforhold i a-meldinga på deg. Dersom du tek imot styrehonorar, skal arbeidsforholdet ditt rapporterast som frilansar, oppdragstakar, honorar personar m.m. Dette arbeidsforholdet skal berre rapporterast i den månaden eller dei månadene du får honorar.

 

Ikkje lønnsutbetalingar til dagleg leiar i ein oppstartsfase

Dersom verksemda er nyoppstarta og dagleg leiar i starten ikkje tek ut lønn eller andre godtgjersler (til dømes fri bil eller telefon), men du reknar med at dagleg leiar seinare skal ta ut lønn, kan du rapportere arbeidsforholdet frå den månaden du startar å sende a-melding for bedrifta. Arbeidsforholdet til dagleg leiar skal rapporterast som eit ordinært arbeidsforhold. Hugs å rapportere arbeidsforholdet kvar månad til dagleg leiar sluttar.

 

Utbytte til dagleg leiar

Dersom du står oppført som dagleg leiar i Einingsregisteret og tek ut utbytte som eigar, men ikkje blir rekna som tilsett i verksemda, skal verken inntekt eller arbeidsforhold for dagleg leiar rapporterast i a-meldinga.

 

Rettar frå NAV

Type arbeidsforhold kan ha noko å seie for kva rettar dagleg leiar har til ytingar frå NAV, og kva inntekter som inngår i grunnlaget for ei yting. Det er derfor viktig at dagleg leiar og du som rapporterer a-melding for verksemda, avklarer om dagleg leiar blir rekna som tilsett eller ikkje, og kva som skal rapporterast i a-meldinga på arbeidsforhold og inntekt for dagleg leiar.

 

Det er eigne reglar for somme grupper

Høyrer du til ei av desse gruppene, må du sjå kva som gjeld:

  • Pass og stell av barn i barnet sin heim
    For utbetaling for pass og stell av barn som ikkje har fylt 12 år før utgangen av inntektsåret eller av barn som er 12 år eller eldre og som har eit særskilt behov for omsorg og pleie i barnet sin heim gjeld det eigne beløpsgrenser og eit eige skjema. Gjeld òg for au pair. Sjå utfyllande informasjon og skjema (A04).

  • Privatperson som er arbeidsgivar
    For utbetaling for arbeid i private heimar og fritidsbustader gjeld det eigne beløpsgrenser og eit eige skjema. Sjå utfyllande informasjon og skjema (A04).

  • Skattefrie organisasjonar
    Skattefrie organisasjonar, etter skattelova § 2-32 første ledd, er fritekne frå opplysningsplikt når samla utbetaling til ein person i løpet av kalenderåret ikkje overstig 10 000 kroner. Du må likevel oppgi arbeidsgivaravgift. Dersom utbetalinga er over 10 000 kroner, skal du gi opplysningar om heile beløpet. A-meldinga skal sendast frå eit system (A02) eller registrerast direkte i Altinn (A01).

    Velgjerande eller allmennyttige organisasjonar som er fritekne frå arbeidsgivaravgift etter folketrygdlova § 23-2 åttande ledd, kan nytte forenkla a-melding innanfor visse beløpsgrenser. Sjå utfyllande informasjon og skjema (A05).

  • Utland
    For utanlandske arbeidsgivarar og norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet kan det gjelde eigne reglar. Sjå utfyllande informasjon om utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg og norske arbeidsgivarar med utanlandsforhold.

 

Dette må du gjere når nokon sluttar

Vis du har tilsette som sluttar, eller frilansarar som avsluttar oppdraget sitt, må du levere ei a-melding der du set sluttdato for arbeidsforholdet. Du skal setje ein sluttdato også i dei tilfella der den tilsette kanskje skal kome tilbake på eit seinare tidspunkt. Dersom den tilsette byrjar att, skal du opprette eit nytt arbeidsforhold med ny startdato og ny arbeidsforholds-ID.


Viss du lèt vere å rapportere arbeidsforholdet utan at å setje sluttdato, får du feilmeldinga Opplysningar om arbeidsforhold manglar (F108 / MAGNET_EDAG-108). Dersom du ikkje rettar feilen, blir verksemda pålagd tvangsmulkt.

 

Permisjon og permittering

Er den tilsette i permisjon eller er permittert når han/ho sluttar, må du føre opp sluttdatoen for permisjonen eller permitteringa i tillegg til sluttdatoen for arbeidsforholdet.

 

Feriepengar

Feriepengar til ein tilsett som har slutta skal du rapportere i den månaden feriepengane blir utbetalte. Det er viktig at det ikkje blir oppretta eit nytt arbeidsforhold når de betaler ut feriepengane. Rapporter utbetalinga utan arbeidsforhold eller før opp den same start- og sluttdatoen som er rapportert tidlegare.

 

Kven treng ikkje gi opplysningar om arbeidsforholdet

I somme tilfelle treng du ikkje gi opplysningar om arbeidsforholdet.

Dette gjeld for:

  • Lønnsutbetalingar som er fritekne for arbeidsgivaravgift etter føresegnene i folketrygdlova § 23-2 sjette til åttande ledd.

  • Lønnsutbetalingar under grensa for opplysningsplikt (sjå ovanfor) etter skatteforvaltingsforskrifta § 7-2-1.

  • Personer som ikkje mottar lønn, honorar o.a., men berre utgiftsgodtgjerlser.

  • Ein arbeidstakar som er utanlandsk statsborgar i arbeid for ein internasjonal organisasjon med kontor i Noreg.

  • Arbeidstakarar som skal rapporterast til skattekontoret etter skatteforvaltingslova § 7-6. Dette gjeld arbeidstakarar som er rapporteringspliktige via Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret (RF-1199/RF-1198) til Sentralskattekontoret for utanlandssaker (SFU).

  • Fiskar eller fangstmann som er teken opp i det manntalet som er oppretta i medhald av lov om pensjonstrygd for fiskarar § 4. Desse er unnatekne fordi dei blir rekna som næringsdrivande. 

  • Lottakar og reiar i stilling om bord på fiske- eller fangstfartøy. Desse er unnatekne fordi dei blir rekna som næringsdrivande. 

  • I somme situasjonar for ordinære og maritime arbeidsforhold. Sjå unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold om du ønskjer fleire opplysningar.

Desse samarbeider om a-meldinga:

 

Logo NAV
Logo Statistisk Sentralbyrå
Logo Skatteetaten