Feil i utleggstrekk
F294 / MAGNET_EDAG-294
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt ein sum på utleggstrekk å betale som er forskjellig frå summen av utleggstrekk på alle inntektsmottakarane.
Feilmeldinga kan kome av at du har:
- gløymt å oppgi utleggstrekkopplysningar på einskilde inntektsmottakarar
- brukt feil forteikn på utleggstrekket (positivt/negativt beløp). Sum utleggstrekk å betale skal vere eit positivt beløp, utleggstrekket til ein inntektsmottakar skal vere eit negativt beløp
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller beløpa for utleggstrekk å betale og utleggstrekk på inntektsmottakarane, og endre slik at sum utleggstrekk å betale er lik summen av dei einskilde utleggstrekka du har oppgitt per inntektsmottakar.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Viss du har sendt fleire a-meldingar for månaden, kan det vere lurt å ta ut ein avstemmingsinformasjon. Då får du oversikt over kva som er sendt inn totalt for månaden, også per inntektsmottakar.
Døme 1 – gløymt å oppgi eit utleggstrekk
Ein stor bedrift har sendt a-melding for mai med opplysningar om at Per har eit utleggstrekk på - 4 000 kroner og Ola eit på - 5 000 kroner. Dei gløymde å føre opp utleggstrekket på kr - 1 000 kroner for Kari. Totalt er det oppgitt at bedriften skal betale 10 000 kroner i sum utleggstrekk å betale.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-294 fordi sum å betale er 1 000 kroner meir enn summen av utleggstrekket til Per og Ola.
Bedriften sender a-melding med det manglande utleggstrekket til Kari slik at total sum for utleggstrekk på inntektsmottakarane stemmer med sum utleggstrekk å betale. | |
Utleggstrekk til Kari | - 1 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt sum utleggstrekk på Per, Ola og Kari på - 10 000 kroner (- 4 000, - 5 000 og - 1 000) og sum utleggstrekk å betale 10 000 kroner.
Døme 2 – brukt feil forteikn
Eit arkitektbyrå har sendt inn a-melding for mai med opplysningar om at Kari har eit utleggstrekk på 5 000 kroner. Totalt er det oppgitt at byrået skal betale 5 000 kroner i sum utleggstrekk å betale.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-294 fordi sum å betale er ulik summen av utleggstrekket til Kari. Byrået har brukt feil forteikn på utleggstrekket til Kari.
Byrået sender ei a-melding og justerer utleggstrekket til Kari slik at total sum for utleggstrekk på inntektsmottakaren stemmer med sum utleggstrekk å betale. |
|
Forskotstrekk til Kari | - 10 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt sum utleggstrekk på Kari - 5 000 kroner (5 000 - 10 000) og sum utleggstrekk å betale 5 000 kroner.
Døme 3 – trekt for mykje
Eit bakeri har sendt inn a-melding for mai med opplysningar om at Kari har eit utleggstrekk - 5 000. Totalt er det oppgitt at bakeriet skal betale 8 000 kroner i sum utleggstrekk å betale. Dei oppdagar at dei har oppgitt for mykje i sum utleggstrekk å betale.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-294 fordi sum å betale er ulik utleggstrekket til Kari.
Bakeriet sender ei a-melding og justerer sum utleggstrekk å betale. | |
Sum utleggstrekk å betale | - 3 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for mai har dei no oppgitt utleggstrekk på Kari - 5 000 og sum utleggstrekk å betale 5 000 kroner (8 000-3 000).