Ulogisk dato for endring av stillingsprosent
F258 / MAGNET_EDAG-258
Kvifor denne feilmeldinga
Datoen for endring av stillingsprosent er langt fram eller tilbake i tid.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt dato for endring av stillingsprosent før 1. januar 1960
- oppgitt dato for endring av stillingsprosent som er 1 år fram i tid.
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller om du har rapportert rett start- og sluttdato på endring av stillingsprosent.
- Dersom datoen er feil, må du endre til rett dato.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit snikkarfirma sender a-melding for mai med opplysningar om arbeidsforholdet til Ola. Dei oppgir dato for endring av stillingsprosent til 1. januar 1958.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-258 fordi datoen for endring av stillingsprosent er før 1. januar 1960. Rett dato for endring av stillingsprosent for Ola er 1. januar 2017.
Snikkarfirmaet endrar datoen for siste endring av stillingsprosent for Ola til: | |
Siste dato for endring av stillingsprosent | 1. januar 2017 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.