Kjeldeskatt på pensjonar og uføreytingar

Er du ikkje skattemessig busett i Noreg, skal du betale kjeldeskatt til Noreg på pensjonar og uføreytingar du får frå Noreg.

Her får du informasjon om kven dette gjeld for, og kva for unntak og avgrensingar som gjeld.

Gjeld det meg?

Kjeldeskatt gjeld for deg som

  • får pensjonar og uføreytingar frå Noreg, og
  • er skattemessig emigrert frå Noreg, eller aldri har vore skattemessig busett i Noreg

Kjeldeskatt

Kjeldeskatt er skatt du betaler til det landet som inntekta kjem frå. Kjeldeskatten på pensjonar og uføreytingar er 15 prosent av bruttoinntekta. Dette gjeld uansett storleiken på inntekta di, og det er ikkje noko fribeløp.

Kjeldeskatten består berre av skatt, ikkje trygdeavgift. Viss du skal betale trygdeavgift til Noreg, skal du betale denne direkte til Nav.

 

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar
  • omstillingsstønader

Du får ikkje kjeldeskatt på

 

Du skal betale kjeldeskatt på pensjonar og uføreytingar så lenge du ikkje er skattemessig busett i Noreg. Flyttar du til Noreg, skal du betale kjeldeskatt på pensjonar og uføreytingar fram til det tidspunktet du blir skattemessig busett i Noreg.

Flyttar du til Noreg innan 1. juli, blir du normalt skattemessig busett frå flyttedatoen. Flyttar du til Noreg 2. juli eller seinare i året, blir du normalt skattemessig busett i Noreg frå og med året etter at du har flytta.

Du skal betale skatt etter dei vanlege reglane som gjeld for personar som bur i Noreg frå det tidspunktet du blir skattemessig busett i Noreg.

Les meir om reglane for skattemessig bustad ved flytting til Noreg.

  • Du kan ha krav på skattefritak på ein eller fleire typar pensjonar eller uføreytingar viss landet du er busett i har ein skatteavtale med Noreg som avgrensar retten Noreg har til å skattleggje slike inntekter.

Du kan ha krav på frådrag som om du var busett i Noreg viss

 

Du får nytt skattekort

På grunnlag av dei opplysningane vi har om skatteplikta di, får du eit nytt skattekort eller frikort kvart år.

Meiner du at skattekortet er feil?

 

Du må søkje om nytt skattekort viss

  • du flyttar til eit anna land
  • du ikkje lenger er skattemessig busett i det landet du sist sende inn ei stadfesting på bustad frå
  • du byrjar å få nye pensjonar eller uføreytingar frå Noreg
    • Dette gjeld òg viss du får ein annan pensjon eller ei anna uføreyting frå den same pensjonsutbetalaren.
  • du tidlegare har fått skatten berekna etter dei reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, og inntektene dine har endra seg slik at 90 prosent av inntektene dine ikkje er skattepliktige i Noreg lenger

Du får ei skattemelding

Vi sender deg ei skattemelding i mars eller april kvart år. Du må sjekke om opplysningane i skattemeldinga stemmer.

Viss opplysningane i skattemeldinga er feil eller mangelfulle, må du endre skattemeldinga og sende henne inn.

Har du ikkje fått skattemeldinga innan 15. april, kan du kontakte oss og be om at vi sender deg skattemeldinga på nytt.

 

Det kan til dømes vere at pensjonen eller uføreytinga er førehandsutfylt som skattepliktig med kjeldeskatt på pensjon, men at du har rett til fritak frå kjeldeskatt.

Merk! Opplysningane som er førehandsutfylte i skattemeldinga er uavhengige av informasjonen i skattekortet ditt.

 

Er pensjonen eller uføreytinga skattepliktig både i Noreg og i det landet du er busett i, er det bustadslandet som skal sørgje for at du ikkje blir skattlagt dobbelt.

Skatteoppgjeret viser kor mykje skatt du har betalt i Noreg. Du kan bruke skatteoppgjeret som dokumentasjon overfor skattestyresmaktene i bustadslandet ditt.

For mykje trekt skatt vil i utgangspunktet bli betalt tilbake til deg ved skatteoppgjeret for det aktuelle inntektsåret. Les meir om tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Ein elektronisk ID gir deg tilgang til tenestene våre på nett

Sjølv om du bur i utlandet, kan du enkelt skaffe deg ein elektronisk ID i Noreg. Har du ein elektronisk ID, kan du sende og motta dokument og brev på dei innlogga nettsidene våre.

Dette treng du for å opprette MinID:

  • norsk fødselsnummer eller d-nummer
  • mobiltelefonnummer og e-postadresse
  • aktiveringsbrev – som du bestiller frå ID-porten. Brevet blir sendt til den adressa som er registrert på deg i Folkeregisteret.

Treng du å oppdatere postadressa di i Folkeregisteret

Endre namn og adresse

Viss du endrar adressa di i utlandet, må du hugse å melde frå til Folkeregisteret i Noreg.

Det same gjeld viss du endrar namnet ditt i utlandet. Hugs å melde frå til Folkeregisteret i Noreg.