No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no
Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).
Ulogisk start- og/eller sluttdato på permisjon
F257 / MAGNET_EDAG-257
Kvifor denne feilmeldinga
Start- og sluttdato for permisjon eller permittering er for langt fram eller tilbake i tid.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- oppgitt ein startdato på permisjon eller permittering som er meir enn 10 år tilbake i tid
- oppgitt ein sluttdato på permisjon eller permittering som er meir enn 10 år fram i tid
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller om du har rapportert rett start- og sluttdato på permisjon eller permittering.
- Dersom datoen er feil, må du endre til rett dato.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ein barnehage sender a-melding for mai med opplysningar om permisjon for Per. Dei oppgir 1. januar 2005 som startdato for permisjon. Per sin permisjon starta 1. januar 2017.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-257 fordi startdatoen for permisjonen er meir enn 10 år tilbake i tid.
Barnehagen endrar startdatoen på permisjonen for Per til: | |
Startdato på permisjon | 1. januar 2017 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.