Ulogisk periode for permisjon
F193 / MAGNET_EDAG-193
Kvifor denne feilmeldinga
Startdatoen på permisjonen eller permitteringa er før arbeidsforholdet til inntektsmottakaren har byrja eller etter arbeidsforholdet har slutta.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- tasta feil dato
- oppgitt feil dato
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller startdatoen som er oppgitt på permisjonen eller permitteringa, og endre slik at tidsrommet for permisjonen eller permitteringa er innanfor perioden til arbeidsforholdet.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Ei servicebedrift sender a-melding for mai med opplysningar om permisjonen til Lise. Dei oppgir startdatoen for permisjonen til 1. januar 2017 og startdato for arbeidsforholdet 1. januar 2018.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-193 fordi startdatoen for permisjonen er før startdato for arbeidsforholdet.
Servicebedrifta endrar startdato på permisjonen for Lise til: | |
Startdato på permisjon | 1. januar 2018 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.