Ugyldig verdi
F271 / MAGNET_EDAG-271
Kvifor denne feilmeldinga
Permisjonsnemning eller permitteringsnemning manglar.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- gløymt å føre opp permisjonsnemning på ein permisjon
- gløymt å føre opp permitteringsnemning på ei permittering
Må du rette
Ja, a-meldinga inneheld feil eller manglar du må rette opp.
Du må rette feilen innan fristen for å levere a-melding for kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Omgåande
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kva for ein permisjon eller permittering som manglar nemning og før opp nemninga.
For permittering skal du oppgi nemninga «Permittering»
For permisjon skal du oppgi ei av desse nemningane:- Permisjon med foreldrepengar
- Permisjon ved militærteneste
- Utdanningspermisjon (lovfesta)
- Utdanningspermisjon (ikkje lovfesta)
- Andre lovfesta permisjonar
- Andre ikkje-lovfesta permisjonar
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme
Eit rekrutteringsfirma sender a-melding for juni med opplysningar om Anne sin permisjon.
Rekrutteringsfirmaet får feilmeldinga MAGNET_EDAG-271 fordi det manglar ei permisjonsnemning.
Rekrutteringsfirmaet oppgir denne permisjonsnemninga for Anne: | |
Permisjonsbeskriving | andre lovfesta permisjonar |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.