Fritak for arbeidsgivaravgift når arbeidsgivar forskotterer sjukepengar og andre trygdeytingar

Skattedirektoratet har komme med ein prinsipputtale om fritaket for arbeidsgivaravgift når arbeidsgivar forskotterer sjukepengar eller andre trygdeytingar. Uttalen får konsekvensar for arbeidsgivaren si rapportering av grunnlaget for arbeidsgivaravgifta og for berekninga av arbeidsgivaravgifta.

Kort om fritak for arbeidsgivaravgift

Lønn og feriepengar under sjukdom, fødselspermisjon og andre ytingar som skal refunderast frå folketrygda er fritatte for arbeidsgivaravgift, jf. folketrygdlova § 23-2 femte ledd første punktum. Fritaket for arbeidsgivaravgift gjeld berre dersom dei aktuelle ytingane faktisk blir refunderte. For å få fritak for arbeidsgivaravgifta må du både krevje refusjon og ha refusjonsrett etter folketrygdlova §§ 8-20 tredje ledd, 8-21 tredje ledd eller 22-3.

Du kan velje mellom å gjere fritaket gjeldande på det tidspunktet du forskotterer ytingane, eller når ytingane blir refunderte frå NAV. Sjå prinsipputtalen frå Skattedirektoratet.

På kva tidspunkt kan du krevje fritak for arbeidsgivaravgift når du forskotterer ytingar frå NAV?

Du kan redusere berekningsgrunnlaget for arbeidsgivaravgifta når du faktisk forskotterer ei yting. På rapporteringstidspunktet må du kunne vise korleis du har komme fram til refusjonsbeløpet du legg til grunn. Det kan til dømes vere ei oversikt over kor mykje den tilsette faktisk har vore borte i perioden rapporteringa gjeld for, og ei berekning av dagsatsen det er sannsynleg at NAV legg til grunn. Dersom du ikkje krev refusjon frå NAV, har du ikkje rett til å redusere berekningsgrunnlaget for arbeidsgivaravgifta.

Som arbeidsgivar er du ansvarleg for at beløpet som blir fritatt for arbeidsgivaravgift er rett. Dersom du ikkje kan berekne kva som truleg er det rette forskotterte beløpet, må du vente med å redusere berekningsgrunnlaget til du får refusjonen frå NAV.

Rapportering i a-meldinga når du reduserer avgiftsgrunnlaget med ytingar du forskotterer for NAV

Når du forskotterer sjukepengar og andre ytingar på vegner av av folketrygda, skal du rapportere dette som ordinær lønn du pliktar å betale arbeidsgivaravgift for. Desse ytingane skal med i avgiftsgrunnlaget for lønn og godtgjersle som ordinære avgiftspliktige ytingar.

For å frita beløpet du har forskottert for arbeidsgivaravgift, oppgir du dette i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV. Du kan berre redusere grunnlaget for arbeidsgivaravgifta med det beløpet du kjem til å få refundert.

Det fritatte beløpet er eit negativt beløp, og det skal redusere summen av den berekna arbeidsgivaravgifta. Bruk den same avgiftssatsen som du bruker for å berekne arbeidsgivaravgifta.

Ola er sjukmeld frå 1. til 31. august. Den avtalte månadslønna hans er 110 000 kroner. Arbeidsgivaren bereknar at refusjonen frå NAV vil vere 55 000 kroner.

A-melding for august  
Fastlønn (Ola) 110 000
Avgiftspliktig Ja
   
Avgiftsgrunnlag lønn og godtgjersle  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag 110 000
   
Avgiftsgrunnlag refusjonar frå NAV  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag -55 000
   
Arbeidsgivaravgift å betale 7 755

 

I tillegg oppgir arbeidsgivaren andre obligatoriske opplysningar.

Totalt avgiftsgrunnlag i august er 55 000 kroner.

Dersom refusjonen frå NAV stemmer med det arbeidsgivaren har berekna som ei forskottert yting, er arbeidsgivaravgifta gjort opp. Dersom det berekna avgiftsfrie beløpet i august er høgare enn beløpet som faktisk blir refundert, må arbeidsgivaren rette rapporteringa for august.

Slik rettar du feil

Dersom du har rapportert for lågt refusjonsbeløp

Dersom du har rapportert eit lågare beløp i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV då du forskotterte ytinga enn beløpet du faktisk får refundert, må du rette opplysningane.  Du kan anten korrigere a-meldinga for den kalendermånaden då avgiftsgrunnlaget vart redusert, eller du kan ta med differansen mellom den tidlegare berekna refusjonen og refusjonen du fekk i den månaden du fekk refusjonen frå NAV. 

Dersom du har rapportert for høgt refusjonsbeløp

Dersom du har rapportert eit høgare beløp i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV då du forskotterte ytinga enn beløpet du faktisk får refundert, må du rette a-meldinga for den kalendermånaden du forskotterte ytinga.

Sjå korleis du kan rette feil i rettleiinga til a-meldinga under emnet Arbeidsgivaravgift.

Kari er sjuk i oktober. Den avtalte månadslønna hennar er 60 000 kroner. Arbeidsgivaren bereknar at refusjonen frå NAV vil vere 30 000 kroner.

Ola var sjuk i heile august, og i oktober får arbeidsgivaren ein refusjon frå NAV på 58 000 kroner. Refusjonen er 3 000 kroner høgare enn arbeidsgivaren la til grunn som forskottert beløp ved rapporteringa i august (55 000 kroner). Arbeidsgivaren tar med differansen mellom refusjonen han fekk og det berekna forskotterte beløpet i august på a-meldinga i den kalendermånaden ha fekk refusjonen (oktober).

Dei forskotterte sjukepengane for Kari i oktober, 30 000 kroner, og differansen mellom refusjonen i august og refusjonen arbeidsgivaren fekk i oktober for Ola, 3 000 kroner, blir rapporterte i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV.

A-melding for oktober  
Fastlønn (Ola) 110 000
Avgiftspliktig Ja
Fastlønn (Kari) 60 000
Avgiftspliktig Ja
   
Avgiftsgrunnlag lønn og godtgjersle  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag 170 000 (Ola og Kari)
   
Avgiftsgrunnlag refusjonar frå NAV  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag 14,1 prosent
   
Arbeidsgiveravgift å betale 19 317

 

I tillegg oppgir arbeidsgivaren andre obligatoriske opplysningar.

Totalt avgiftsgrunnlag i oktober er 137 000 kroner.

På kva tidspunkt kan du krevje fritak for arbeidsgivaravgift når du får refusjon frå NAV?

Du kan redusere berekningsgrunnlaget for arbeidsgivaravgifta når du faktisk har forskottert ei yting. Dersom du ikkje krev refusjon frå NAV, har du ikkje rett til å redusere berekningsgrunnlaget for arbeidsgivaravgifta. Dersom du krev fritak for arbeidsgivaravgift når du får refusjonen frå NAV, bruker du «Oppgjersrapporten (K27) refusjonar frå NAV» til å dokumentere beløpet som skal vere fritatt for arbeidsgivaravgift.

Rapportering i a-meldinga når du reduserer avgiftsgrunnlaget med refusjonar du har fått frå NAV

Når du forskotterer sjukepengar og andre ytingar på vegner av folketrygda, skal du rapportere dette som ordinær lønn du pliktar å betale arbeidsgivaravgift for. Desse ytingane skal med i avgiftsgrunnlaget for lønn og godtgjersle som ordinære avgiftspliktige ytingar.

Når du får oppgjersrapporten frå NAV, oppgir du det refunderte beløpet i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV. Du kan berre redusere grunnlaget for arbeidsgivaravgifta med det beløpet du faktisk får refundert.

Det fritatte beløpet er eit negativt beløp, og det skal redusere summen av den berekna arbeidsgivaravgifta. Bruk den same avgiftssatsen som du bruker for å berekne arbeidsgivaravgifta.

Per er sjukmeld frå 1. til 31. august. Den avtalte månadslønna hans er 110 000 kroner.

A-melding for august  
Fastlønn (Per) 110 000
Avgiftspliktig Ja
   
Avgiftsgrunnlag lønn og godtgjersle for august  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag 110 000

 

I oktober får arbeidsgivar 58 000 kroner i refusjon frå NAV. Dei rapporterer refusjonen i oktober:

Avgiftsgrunnlag refusjonar frå NAV for oktober  
Berekningskode generelle næringar
Sone 1
Avgiftssats 14,1 prosent
Avgiftsgrunnlag -58 000

Slik rettar du feil

Sjå korleis du kan rette feil i rettleiinga til a-meldinga under emnet Arbeidsgivaravgift.

Ekstra arbeidsgivaravgift

Du skal berekne ekstra arbeidsgivaravgift når dei samla avgiftspliktige lønnsytingane til ein inntektsmottakar frå ei juridisk eining går over innslagspunktet på 750 000 kroner i 2023. Arbeidsgivaren si bereknings- og rapporteringsplikt for den ekstra arbeidsgivaravgifta startar på det tidspunktet beløpsgrensa er nådd (innslagspunktet).

Korleis blir innslagspunktet for den ekstra arbeidsgivaravgifta påverka når arbeidsgivaren forskotterer og seinare får refusjonar frå NAV?

Når du forskotterer sjukepengar og andre ytingar på vegner av av folketrygda, skal du rapportere dette som ordinær lønn du pliktar å betale arbeidsgivaravgift for. Desse ytingane skal med i berekninga av innslagspunktet for berekninga av den ekstra arbeidsgivaravgifta.

Legg du tidspunktet du forskotterte ytinga frå NAV til grunn for å frita beløpet for arbeidsgivaravgifta? Då vil det forskotterte beløpet du oppgir i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV påverke berekninga av innslagspunktet. Dette påverkar berekninga av den ekstra arbeidsgivaravgifta.

Legg du tidspunktet du fekk refusjonen frå NAV til grunn for å frita beløpet for arbeidsgivaravgifta? Då vil det refunderte beløpet du oppgir i avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV påverke berekninga av innslagspunktet. Dette påverkar berekninga av den ekstra arbeidsgivaravgifta.

Innslagspunktet blir berekna for det enkelte kalenderåret. Refusjonar som blir tekne med i berekninga av innslagspunktet må høyre til årets lønnsytingar.

Når kan du krevje fritak for arbeidsgivaravgift når du forskotterer ytingar frå NAV?

Før du kan redusere berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta med eit forskottert beløp, må du ha gått over innslagspunktet for inntektsåret. For 2023 er innslagspunktet 750 000 kroner.

Når kan du krevje fritak for arbeidsgivaravgift når du får refusjonar frå NAV?

Før du kan redusere berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta med eit refundert beløp, må du ha gått over innslagspunktet for inntektsåret. For 2023 er innslagspunktet 750 000 kroner.

Når du trekkjer frå refusjonen du har fått i avgiftsgrunnlaget, må du ta omsyn til følgjande:

  • Når du reduserer grunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta ved refusjon, gjeld innslagspunktet for berekninga av den ekstra arbeidsgivaravgifta per inntektsmottakar per år.
  • Berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta kan ikkje bli eit negativt beløp. Når du har fått ein refusjon frå NAV, kan du redusere grunnlaget for berekninga av den ekstra arbeidsgivaravgifta inntil null for det året refusjonen gjeld for.
  • Får du ein refusjon i 2024 for sjukepengar du har forskottert i 2023, kan du redusere berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta i 2024 dersom du har berekna ekstra arbeidsgivaravgift for inntektsmottakaren i 2023. Reduksjonen i berekningsgrunnlaget kan ikkje vere høgare enn det beløpet som faktisk har inngått i berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta for inntektsmottakaren i 2023.
  • Refusjonar som gjeld for 2022 eller tidlegare år, skal ikkje føre til reduksjon av innslagspunktet eller av berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta.

Dømet gjeld for 2023 der innslagspunktet for den ekstra arbeidsgivaravgifta er 750 000 kroner. Dømet viser korleis innslagspunktet blir påverka av refusjonar frå NAV. Sidan innslagspunktet skal bereknast per inntektsår, blir det ikkje påverka av refusjonar som gjeld for tidlegare inntektsår. Dømet viser også korleis berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta blir påverka av refusjonar frå NAV. Under tabellen får du nærmare forklaring på berekninga til den enkelte nota.

Refusjon 2023

Inntekt

Aga

Innslagspunkt

Ekstra aga

lønn januar

110 000

110 000

110 000

0

lønn februar

110 000

110 000

220 000

0

refusjon NAV 2022  

 

-20 000

*

0

lønn mars

110 000

110 000

330 000

0

lønn april

110 000

110 000

440 000

0

lønn mai

110 000

110 000

550 000

0

refusjon feriepengar NAV**

 

-10 000

540 000

0

feriepenger juni

120 000

120 000

660 000

0

lønn juli

110 000

110 000

770 000

20 000

refusjon NAV april ***

 

-30 000

740 000

-20 000

lønn august

110 000

110 000

850 000

100 000

lønn september

110 000

110 000

960 000

110 000

refusjon juli ****

 

-30 000

930 000

-30 000

lønn oktober

110 000

110 000

1 040 000

110 000

lønn november

110 000

110 000

1 150 000

110 000

lønn desember

110 000

110 000

1 260 000

110 000

Sum

1 330 000

1 240 000

1 260 000

510 000

 

-750 000

 

-750 000

 

Kontrollsum

580 000

 

510 000

 

 

* Berekninga av innslagspunktet blir ikkje påverka av refusjonar som gjeld for 2022 eller tidlegare. Innslagspunktet er derfor ikkje redusert med 2022-refusjonen.

**Refusjon av feriepengar frå NAV inngår i berekninga av innslagspunktet. Innslagspunktet blir redusert med 10 000 kroner.

***Refusjonen frå NAV for april er på 30 000 kroner. Når han kjem i juli, går heile beløpet til frådrag i det ordinære grunnlaget for arbeidsgivaravgifta. Frådraget i grunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta blir avgrensa til det grunnlaget som har inngått i berekninga av den ekstra arbeidsgivaravgifta så langt i året. Innslagspunktet blir redusert med heile beløpet på 30 000 kroner, sidan refusjonen gjeld inneverande kalenderår.

****For refusjonen for juli, som kjem i september, går heile refusjonen på 30 000 kroner til frådrag i innslagspunktet. Sjølv om det ikkje er berekna ekstra arbeidsgivaravgift i juli, går heile refusjonen på 30 000 kroner til frådrag i grunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta. Det er fordi det er berekna meir i ekstra arbeidsgivaravgift på inntektsmottakaren så langt i 2023 enn refusjonen arbeidsgivaren har fått. Om ikkje heile refusjonen blir trekt ut i desse tilfella, vil arbeidsgivaren ha berekna for høg ekstra arbeidsgivaravgift.

Sjå meir informasjon om rapportering av ekstra arbeidsgivaravgift i rettleiinga til a-meldinga, under emnet ekstra arbeidsgivaravgift.

Finansskatt

Grunnlaget for finansskatt på lønn er det same som avgiftsgrunnlaget for berekning av den ordinære arbeidsgivaravgifta. Det blir ikkje rapportert eit eige særskilt berekningsgrunnlag i a-meldinga.

Ved forskottering og refusjon av sjukepengar o.a. skal du redusere berekningsgrunnlaget for finansskatt slik som for den ordinære arbeidsgivaravgifta, men du skal ikkje oppgi  berekningsgrunnlaget i rapporteringa i a-meldinga.

Har du rapportert for låg finansskatt?

Har du rapportert for lågt beløp i finansskatt fordi du har trekt frå meir enn du faktisk får refundert frå NAV då du forskotterte ytinga frå NAV? Då skal du rette a-meldinga for den kalendermånaden du trekte frå forskotteringsbeløpet.

Har du rapportert for høg finansskatt?

Har du forskottert ei yting frå NAV, men rapportert inn eit for høgt beløp i finansskatt fordi du trekte frå mindre enn du får refundert? Då kan du velje om du vil korrigere a-meldinga for forskotteringsmånaden, eller om du vil trekkje frå differansen i a-meldinga den månaden ytinga blei refundert. 

Du finn meir informasjon om rapportering av finansskatt på lønn i rettleiinga til a-meldinga, under emnet finansskatt.

Krav til bokføring og dokumentasjon

Når du bruker fritak for arbeidsgivaravgift etter folketrygdlova § 23-2 femte ledd første punktum, må dette vere dokumentert. Det gjeld både om du bruker fritaket når du forskotterer og når du får refusjonar frå NAV. Plikta til å dokumentere, bokføre og spesifisere opplysningspliktige ytingar følgjer av bokføringslova og bokføringsforskrifta. Sjå mellom anna bokføringslova § 5 andre ledd nr. 2, § 7 og § 10. For arbeidsgivarar som ikkje har bokføringsplikt følgjer tilsvarande plikter av skattebetalingsforskrifta § 5-11-2.

Tilleggsskatt

Alle feil i rapporteringa gir ein risiko for tilleggsskatt. Har du brukt fritak for arbeidsgivaravgift ved forskottering av sjukepengar og rapporteringa ikkje samsvarer med refusjonen frå NAV, vil vi i utgangspunktet vurdere dette som feil rapportering. Ved ein kontroll må du kunne vise dokumentasjon på at du har gjort ei forsvarleg og sannsynleg berekning av storleiken på fritaket for arbeidsgivaravgifta på forskotterte sjukepengar, for at vi ikkje skal rekne rapporteringa som feil.