Tips oss om skatte- og avgiftsunndraging

Her kan du tipse oss om saker du trur kan vere av interesse for Skatteetaten. Det kan til dømes dreie seg om mistanke om misbruk av offentlege støtteordningar, svart arbeid, ulovleg utleige eller anna skatte- og avgiftsunndraging.

Skjemaet skal brukast for offentlege støtteordningar som kompensasjonsordninga og skattefunn og for skatte- og avgiftssaker. Viss du har tips som gjeld Folkeregisteret kan du melda avvik til Folkeregisteret.

Må eg oppgi kven eg er?


Du vel sjølv om det skal vere mogleg å identifisere deg eller ikkje. Tipset kan bli meir truverdig dersom vi veit kven du er.

Dersom du vil vere anonym, må du passe på at tipset ikkje inneheld opplysningar som kan identifisere deg direkte eller indirekte, til dømes namn, fødselsnummer, bustad, arbeidsplass og liknande.

Av tryggleiksårsaker blir IP-adressa loggført, men vi bruker ho ikkje når vi skal følgje opp tipset.

Skatteetaten har som hovudregel teieplikt for innkomne tips. Unntak kan vere opplysningar som må leverast ut etter heimel i lov, reglar eller krav for domstol.

Personvernerklæringa vår inneheld meir informasjon om korleis etaten handsamar personopplysningar.

Slik følgjer vi opp tips

Skatteetaten vurderer om tips er korrekte og relevante, innan 4 månader. Tips vi ikkje klarer å verifisere innan fristen, blir sletta dersom ikkje noko anna går fram av anna regelverk.

Du får ei stadfesting på at vi har teke imot tipset, men ikkje tilbakemelding om korleis tipset blir handsama vidare.

Kva for informasjon treng vi frå deg?

Dess fleire opplysningar og detaljar vi får, dess enklare er det å følgje opp tipset. Dette kan til dømes vere informasjon om namn, adresse, telefonnummer, registreringsnummer på bil eller andre opplysningar som kan bidra til å identifisere den du tipsar om.

Vedlegg må sendast per post

Det er ikkje mogleg å legge til vedlegg i skjemaet på denne sida. Dersom du har ytterlegare dokumentasjon knytt til tipset ditt, kan du sende det per post. I tilfelle ber vi deg om å skrive at du sender vedlegg per post, i feltet "Kva vil du fortelje oss?" når du sender inn skjemaet. Send dokumentasjon til:

Skatteetaten
Seksjon for etterretning
Postboks 9200 Grønland
0134 OSLO

Hugs å oppgi datoen du sende inn tipsskjemaet, slik at vi lettare kan knyte dokumentasjonen til rett tips.