Talet er negativt
F183C / MAGNET_EDAG-183C
Kvifor denne feilmeldinga
Du har ført opp eit negativt tal på personar for utanlandske personar med fast avgiftsbeløp. Gjeld sjøfolk med eit fast beløp per månad for arbeidsgivaravgift.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- brukt feil forteikn på beløpet du har oppgitt på sum avgiftsgrunnlag for lønn. Avgiftsgrunnlaget skal vanlegvis vere eit positivt beløp
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller kor mange personar du har oppgitt, og endre dersom det er feil.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – brukt feil forteikn
Eit cruiseskip har sendt a-melding for april med opplysningar om at talet på personar med fast avgiftsbeløp er -7.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-183C fordi summen av talet på personar er negativt. Dei finn ut at dei ved ein feil har oppgitt feil forteikn på talet, det skulle ha vore 7.
Cruiseskipet sender ny a-melding for å justere slik at talet blir rett. | |
Talet på personar med fast avgiftsbeløp | 14 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for april har dei no oppgitt talet på personar til 7 med fast avgiftsbeløp (- 7 + 14).