Sum refusjonsgrunnlag er positivt
F183B / MAGNET_EDAG-183B
Kvifor denne feilmeldinga
Du har oppgitt sum grunnlag refusjon av sjukepengar o.a. med eit positivt beløp.
Feilmeldinga kan kome av at du har
- brukt feil forteikn på beløpet du har oppgitt på sum grunnlag refusjon av sjukepengar. Grunnlag refusjon av sjukepengar o.a. er eit negativt beløp og skal redusere grunnlaget for arbeidsgivaravgift og sum arbeidsgivaravgift å betale.
Må du rette
A-meldinga er levert med opplysningar som kan vere feil.
Dersom det er feil, må du rette opp feilen innan fristen for levering av a-melding i kalendermånaden du har fått feilmeldinga.
Alvorsgrad: Retningslinje
Sjå oversikta over ulike alvorsgrader på feil
Slik rettar du
- Kontroller grunnlag refusjon av sjukepengar o.a. du har oppgitt, og endre dersom det er feil. I somme tilfelle kan det vere rett at grunnlag refusjon er positivt. Sjå òg utfyllande informasjon om arbeidsgivaravgift.
- Når du har retta feilen, sender du inn a-meldinga. Dersom du nyttar eit lønnssystem, kan du kontakte systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.
Døme – brukt feil forteikn
Eit sjukehus har sendt a-melding for juni med opplysningar om sum grunnlag refusjon av sjukepengar o.a. på 4 000 kroner.
Dei får feilmeldinga MAGNET_EDAG-183B fordi summen av grunnlag refusjon av sjukepengar o.a. er positivt. Dei finn ut at dei ved ein feil har oppgitt eit positivt beløp, det skulle ha vore - 4 000 kroner.
Sjukehuset sender ny a-melding for å justere beløpet på grunnlag refusjon av sjukepengar o.a. | |
Grunnlag for refusjon av sjukepengar, o.a. | - 8 000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Totalt for juni har dei no oppgitt sum grunnlag refusjon av sjukepengar o.a. på - 4 000 kroner (4 000 - 8 000).